NRK Meny
Normal

Fotballvener minnest den avdøde

Både Hødd-spelarar og supporterklubben Blåsarane vil markere dødsfallet til ein av medlemene under den viktige fotballkampen søndag.

Kåre Henning Aurvåg Gardshol

Talsmann Kåre Henning Aurvåg Gardshol hos Blåsarane seier dei vil markere med sørgeband at dei har mist ein kamerat på tragisk vis.

Foto: privat

Det blir ikkje berre fest og glede under det som kan bli ein avgjerande opprykkskamp førstkomande søndag. Hødd-spelarane kjem til å bruke svarte sørgeband, og også Hødd-supporterane har bestemt seg for å markere dødsfallet under den viktige kampen mot Mjøndalen. Vinn dei den kampen, er sjansen stor for at Hødd rykkjer opp i Eliteserien.

– Vi får heidre han med at vi klarer eit opprykk, seier talsmann for Blåsarane, Kåre Henning Aurvåg Gardshol.

Svarte sørgeband under kampen

André Nevstad

Dagleg leiar Andre Nevstad i Hødd seier familien syns sørgebanda er ein fin gest.

Foto: Arne Flatin / NRK

Dagleg leiar Andre Nevstad i Hødd seier at dei onsdag morgon bestemte seg for å bruke svarte sørgeband under fotballkampen søndag. Hødd meiner det er naturleg etter dødsfallet, og seier dette er avklart med familien.

- Dei syns det var ein fin gest, seier Nevstad til NRK.

Var ein god "blåsar"

Den omkomne i Ulstein var aktiv fotballtilhengjar hos Blåsarane, og tysdag kveld stilte fleire av kameratane i blå supporterkle i Ulstein kyrkje. No arbeider dei med å lage eit banner med bilete av han som er død.

– Han var ein god ven, ein som alle var glade i. Han har vore med Blåsarane i lang tid, og dette pregar alle, seier Aurvåg Gardshol. Supporterane har ulike planar, men har førebels ikkje avgjort kva som skal lagast, og kva som eventuelt skal stå skrive på eit eventuelt banner.

Fengsling torsdag ettermiddag

Omlag 100 frammøtte i Ulstein kyrkje tysdag kveld

Blåkledde fotballsupporterar møtte fram under den opne kyrkja i Ulstein tysdag kveld.

Foto: Bente Anita Pilskog

Tysdag morgon sa politiet at den sikta mannen skal ha kome heim frå fest og funne sambuaren i seng med naboen. Seinare har dette blitt moderert, og politiet seier dei ikkje veit kva for relasjon det var mellom dei to mennene. Torsdag ettermiddag blir mannen framstilt for varetektsfengsling.

Trur det er rett å reise på kamp

Om fire dagar spelar Hødd den avgjerande kampen mot Mjøndalen. Blåsarane kjem til å stille mannsterke, trass i det tragiske dødsfallet heime i Ulstein.

– Eg håper og trur at offeret hadde ønskt at vi både hadde reist nedover og at vi gjer akkurat det vi brukar å gjere på kamp, seier talsmann for Blåsarane, Kåre Henning Aurvåg Gardshol.