Hopp til innhold

Sikta fotballtrenar har sagt opp jobben

Ein fotballtrenar på Sunnmøre er sikta for seksuelt krenkande åtferd mot barn under 16 år og for å ha delt framstilling av seksuelle overgrep mot barn.

Sunnmøre tingrett

Ein fotballtrenar frå Sunnmøre har blitt sikta for seksuelle lovbrot. Politiet jobbar no for å etterforske saka.

Foto: Synnøve Hole / NRK

Det opplyser Julie Ulstein, politiadvokat i Møre og Romsdal politidistrikt.

Aktor Julie Ulstein

Julie Ulstein, politiadvokat i Møre og Romsdal politidistrikt, seier at saka vil bli etterforska vidare.

Foto: Heidi Klokk Fjørtoft / NRK

Det var torsdag denne veka at mannen i byrjinga av 30-åra blei arrestert. Mannen, som er trenar for eit fotballag på Sunnmøre, blei først sikta for seksuell omgang med barn mellom 14 og 16 år og for seksuelt krenkande åtferd overfor barn under 16 år.

Men i løpet av helga blei siktinga mot mannen endra. Han er no sikta for å ha delt framstilling av seksuelle overgrep mot barn og for å ha utvist seksuelt krenkande åtferd mot barn under 16 år, fortel Ulstein.

– Påtalemakta har funne grunn til å endre siktinga på grunn av etterforskinga som er gjort i løpet av helga og opplysningar som har kome fram i avhøyr, seier ho.

Sett fri laurdag

Den sikta mannen blei først varetektsfengsla i fire veker med brev- og besøkskontroll. Mannen blei avhøyrd for første gong laurdag formiddag, og blei sleppt fri seinare på dagen.

– Det er ikkje lenger fare for at bevis kan gå tapt og mannen blei difor lauslaten, seier Ulstein.

Politiadvokaten opplyser at saka vil bli etterforska vidare, men at ho på dette tidspunktet ikkje ønskjer å seie noko meir konkret om saka.

Har sagt opp stillinga si

Ifølge Sunnmørsposten skal mannen i 2016 ha vore tiltalt for seksuelt krenkande åtferd. Då skal han ha blitt frikjent.

Søndag ettermiddag skriv avisa at den sikta trenaren har sagt opp jobben.

– Mannen blei permittert frå stillinga i vår klubb laurdag morgon. Laurdag kveld kontakta han oss og bad om at arbeidsforholdet blei avslutta. Den oppseiinga har vi godtatt, seier styreleiaren i klubben til Sunnmørsposten.

Nektar for skuldingane

Jørund Stig Knardal er forsvararen til den sikta fotballtrenaren. Han seier at mannen nektar for det han er skulda for.

– Han meiner at han ikkje har gjort det han er sikta for, seier Knardal.