Veret sa ikkje fotball, då Molde inviterte til fyrste heimekamp for sesongen.
Aker Stadion tok i mot 5.743 tilskodarar til kampen søndag.
Supporterklubbane møttest til oppvarming før kampen.
Tornekrattet inviterte dei tilreisande supporterane inn på sin eigen pub før kampen.
Stemninga var god inne, medan snøen hang i lufta utanfor.
- Eg forventer tre poeng, sa leiaren i supporterklubben Tornekrattet, Eva Brit Mauseth, før kampen.
Tornekrattet gjorde seg klar til sin fyrste heimeinnsats for året.
Sportspuben 1911 var fullsett før kampen.
Med fotball på fjernsyn, MFK-sangar på stereoen, og noko godt i glaset, vart stemninga raskt god på sportspuben.
Molde sentrum var pynta til kamp søndag.
Startoppstillinga til Molde vart teken godt i mot på sportspuben før kampen braka laust.
Stemninga var betre inne enn ute i snøen, på sportspuben.
Veret tilsa ikkje at det skulle vere god fotball på grøn matte søndag.