Hopp til innhold

No har han lagt fotballen på hylla og skal i staden hjelpe lærlingar

Fredrik Klock styrte Hødd til cupfinalesiger på Ullevål. No har han lagt opp som fotballspelar og hjelper lærlingar på vegen til utdanning og jobbkarriere.

Fredrik Klock

Fredrik Klock kyssa kongepokalen for første og siste gong. Han har lagt fotballskoa på hylla.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Hødd feirer cupgullet på Ullevål

Det var spanande å vinne cupgull, men det er like spanande å jobbe med ungdomar, meiner den tidlegare Hødd-kapteinen.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Fredrik Klock var kaptein på laget som vann cupfinalen på Ullevål i fjor haust. Han leia Hødd til tidenes triumf, og begeistra ein heil nasjon då dei slo storfavoritt Tromsø. No har han lagt fotballskoa på hylla og jobbar ved opplæringskontoret for tekniske fag og byggfag i Ålesund.

– Det er akkurat like spanande som å vinne cupfinalen, men på ein heilt annan måte, seier Klock.

Angrar på valet

Sjølv tok han allmennfag i si tid, men det angrar han på. Han skulle ynskt at han hadde visst kor mange moglegheiter det finst ved å ta yrkesfag og heller bygge på med meir utdanning. Sjølv er han utdanna marknadsøkonom og har sett at det var viktig å ha noko å falle tilbake på etter at fotballkarrieren tok slutt.

– Til betre utdanning du har, dess fleire er vala, seier Klock.

Sjekkar at lærlingane har det bra

Fredrik Klock

Fredrik Klock vil rekruttere fleire lærlingar på Sunnmøre.

Foto: Trond Vestre / NRK

Hans viktigaste oppgåve er å følge opp lærlingane som har praksis ute i dei ulike verksemdene, og sørgje for at dei får den opplæringa dei har krav på.

Behovet for lærlingar er stort på Sunnmøre med den maritime klyngja som treng rekruttering frå ungdomen.

– Eg reiser rundt og besøker lærlingane ute i bedriftene og sjekkar at dei trivast. Det er nesten det aller viktigaste, seier den tidlegare fotballspelaren.

Vil verve fleire

Målet er at endå fleire skal velje yrkesfag og verte lærlingar.

– Dei siste 10–20 åra har det vore mindre interesse for å gå denne vegen, men eg trur det er fullt mogleg å få opp att interessa, seier Klock.

Kva med dei som drøymer om å verte fotballspelar?

– Det må dei gjerne bli, men det går fint an å utdanne seg ved sidan av, seier Klock.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL