Dagleg leiar i fotballkrinsen, Bjørn Oskar Haukeberg, seier at det kvart år blir køyrt godt over ein million kilometer i fotballsamanheng. Og er det nokon gong 0-0 er eit perfekt resultat så er det i denne kampen, seier han. Null drepte og null varig skadde.
Vegvesenet skal bruke nettverket til fotballkrinsen for å spreie informasjon og drive haldningsskapande arbeid.
Mellom anna vil det bli utarbeidd informasjonspakkar til alle klubbane som fortell litt om kva for krav som bør settast til fotballspelarar når det gjeld trafikktryggleik.