Hopp til innhold

Foss Solevåg vil overgå sist sesong

Søndag byrjar verdscupsesongen for Spjelkavik-alpinisten Sebastian Foss Solevåg. Slalåmspesialisten ser fram til å overgå sist sesong.

Sebastian Foss Solevåg

Landslagsalpinisten Sebastian Foss Solevåg har hatt 60 skidagar i haust. Han er godt nøgd med oppkøyringa til sesongen. Her frå den sterke sesongopninga i Levi i Finland i fjor.

Foto: Shin Tanaka / Ap

Sebastian Foss Solevåg er i Levi i Finland der sesongen byrjar søndag. Akkurat i denne bakken klarte han sin første topp ti-plassering, for eitt år sidan.

– Det blir godt å komme i gang, for no er det lenge sidan sist. Vi har førebudd oss i heile sommar og haust på dette, seier Solevåg.

Han meiner det blir spennande å sjå korleis forma er i forhold til konkurrentane frå andre nasjonar.

– La lista høgt i fjor

Også i november i fjor var det sesongstart i finske Levi. Der oppnådde Foss Solevåg sitt til då beste resultat i karrieren, med ein 9. plass i slalåm. På grunn av den sportslege framgangen sist sesong vil han på søndag få eit tidlegare startnummer enn han hadde i Levi i fjor. Derfor vil han få betre forhold i bakken.

Sebastian Foss Solevåg

Sebastian Foss Solevåg frå Ålesund er klar til å endeleg få konkurrere igjen etter ein lang sommar.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Eg la lista ganske høgt her i fjor, så eg må i alle fall prøve å forbetre det resultatet. Då skal eg vere nøgd.

Han trur resultatlista vil bli veldig tett og veit ikkje heilt kva han kan forvente i det første rennet.

– Det er vanskeleg å seie korleis det vil gå, for forholda her er dei jamnaste av alle. Så det vil bli mykje tettare enn vanleg. Derfor er det ikkje berre opp til meg, det handlar òg om korleis dei andre køyrer, seier ålesundaren.

Førre sesong oppnådde han fire topp 20-plasseringar i verdscupen og ein 9. plass i slalåm i OL. 23-åringen forventar ein betre sesong denne vinteren.

– Eg hadde nokre bra enkeltresultat, men elles var det for mange utkøyringar og litt dårlege plasseringar. Så sett under eitt kan det bli mykje betre.

Spesialist

Sist sesong var det ikkje planen at han skulle køyre mykje verdscup, men sidan han opna sesongen så bra fekk han fleire renn på det øvste nivået. I år er planen å berre køyre verdscuprenn og å prestere bra i VM, som er i Vail i USA.

– I verdscupen vil det bli stort sett slalåm. Eg prøver å køyre meir storslalåm, men slalåm er ein så spesiell disiplin at det er mest slalåmspesialistar som køyrer det.

Det er først når slalåmspesialistar slår igjennom i verdscupen at dei byrjar å gå over til storslalåm. Det er planen for Sebastian Foss Solevåg òg, etter kvart.

– Målet blir å vere med i toppen og kjempe. Derfor må eg få mykje betre startnummer.

Sebastian Foss Solevåg

Vinteren kjem tidleg for alpinistane. Her er Foss Solevåg på trening med landslagskameratar i finske levi 6. november.

Foto: Privat

Mykje reising

Han har hatt ein veldig bra oppkøyring til sesongen. I haust har han vore saman med landslaget i Chile, Austerrike og no i Finland. Til saman har det blitt 60 skidagar før sesongen byrjar på søndag.

– Det har vore mykje reising. Det blir over 260 reisedøgn i året.

Når han ikkje reiser med landslaget er prioriteringane til Foss Solevåg klare.

– Då ligg eg som oftast rett ut heime og slappar av. Og reiser på ferie og sånn når eg har tida til det.

Frå no og utover vinteren blir det ikkje tid til noko ferie. Etter rennet søndag skal ålesundaren køyre europacup i Levi neste helg, før turen går til USA, så til Frankrike og Italia.

Seint på kvelden vesle julaftan kjem han heim til Ålesund.

– Då blir det tre dagar juleferie.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL