NRK Meny
Normal

Drosjeeigarar slit med å få det til å gå rundt

Alle som prøver å få drosje i fylket vårt opplever nok at tilbodet ikkje er som før.

Taxi-holdeplass i Tollbodgata i Kristiansand

Illustrasjonsbilde.

Foto: Hans Erik Weiby / NRK

Drosjene i Møre og Romsdal har siste året fått forverra situasjonen sin og mange drosjeeigarar slit med å få det til å gå rundt.

14 drosjeløyve i fylket er lagt på is fordi det ikkje er avklart om det er grunnlag for drift, fortel Jan Eirik Sørås i samferdselsavdelinga.

– Vi er sterkt uroa, seier Søraas.

Livnærer seg på pasienttransport

Jan Eirik Søråas i Samferdselsutvalget

Jan Eirik Søraas i samferdselsavdelinga er uroa for drosjenæringa i fylket.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Då snakkar han spesielt om Sunnmøre. Blant anna i kommunane Norddal og Stranda har drosjeselskapa mista pasienttransporten til eit turvognselskap basert utanfor fylket.

Pasienttransporten har vore livsgrunnlaget til mange av dei som har drive i drosjenæringa.

– Mange stader utgjer pasienttransporten over 90 prosent av køyringa, seier Søraas.

Tøft å drive drosje

Det blir tøffare og tøffare å drive drosje i fylket vårt – spesielt i utkantane.

– Fram til våren ventar vi at fleire kjem til å seie opp løyva sine.

– Betyr dette at det blir lenger ventetid, eller at ein ikkje får drosje i det heile?

– I verste fall betyr det lang ventetid. Men vi prøver å halde oppe tenestene for dei eldre, som dette vil gå mest utover.

Søraas i samferdselsavdelinga i fylket skal i dag orientere politikarane i samferdselsutvalet om den alvorlege situasjonen i drosjenæringa.