NRK Meny
Normal

Forventer lite av regjeringa sitt arbeid med samanslåing

Fylkesordføraren i Møre og Romsdal, Jon Aasen (Ap) har få forventningar til regjeringa sitt vidare arbeid med regionane.

Fylkesordfører Jon Aasen

Fylkesordføraren i Møre og Romsdal, Jon Aasen (Ap) seier regjeringa må sjå på kva for statlege oppgåver som kan bli overført til fylke og kommunar.

Foto: Gunnar Sandvik/NRK

Parallelt med kommunereforma vil regjeringa også invitere fylka til å starte diskusjonen om samanslåing. Fredag oppmoda kommunalministeren fylka til å starte nabopraten med kvarandre frå sommaren av.

Aasen seier regjeringa må sjå på kva for statlege oppgåver som kan bli overført til fylke og kommunar, og peikar særleg på fylkesmannen sine oppgåver.

– Vi kan gjerne treffe kvarandre for ei god kaffi til sommaren, men det er ikkje før til hausten at vi får vite kva for oppgåver vi skal ha, seier Aasen.

Han forventar at når ein startar å røske opp i oppgåvefordelinga mellom kommune og fylke så må ein òg kople inn Fylkesmannen.

– Dei sit med veldig mykje synsing og mange oppgåver som etter mitt syn må inn under demokratiske prosesser. Det kunne vore ein interessant debatt – men bortsett frå det har vi no veldig lite å snakke med kvarandre om, seier fylkesordføraren.

Sterke byar og svake restfylke?

Men fredag blei det klart at dei aller største kommunane kan få overta ansvaret for vidaregåande opplæring og kollektivtransport i framtida. I enkelte fylke kan resultatet bli sterke byar og svake restfylke. Det forandrar utgangspunktet for å diskutere samanslåing av fylke.

– Dei som var store og sterke og ville lage store regionar har plutseleg fått byar som har den moglegheita, og fylket har fått tilsvarande lite moglegheiter. I enden av denne diskusjonen er Møre og Romsdal eit fylke som klarer seg veldig godt – og eg ser difor ikkje kvifor vi skal smuldre opp våre oppgåver.

Men Aasen dreg fram Sør-Trøndelag som eit eksempel på det motsette.

– Dei har hatt visse imperialistiske innspel ovanfor Møre og Romsdal, men sjølve ser det ut til at Trondheim kan bli sittande med det meste av oppgåvene, og eit rest-Trøndelag som har lite å finne på med svak økonomi, seier Aasen.