Cruiseskip i Geiranger
Foto: Lena Høyberg / NRK

Forureining i verdsarvområde

  • Held fast på 2026

    Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn frå Venstre seier han framleis jobbar med utgangspunkt i at nullutsleppskravet frå cruiseskip i verdsarvfjordane skal nåast innan 2026. Rotevatn var i eit møte i dag, mellom anna med representantar for verdsarvrådet, som er veldig klar på at fjordane må bli utsleppsfrie frå 2026. Sjøfartsdirektoratet har tatt til orde for at fristen blir utsett til 2030, og Rotevatn skal no ta med seg innspela han har fått før ei endeleg avgjerd skal takast.

    Sveinung Rotevatn
    Foto: Håkon Mosvold Larsen / Håkon Mosvold Larsen
  • – Må halde på kravet om nullutslepp

    Avtroppande leiar i verdsarvrådet, Arne Sandnes, seier det er viktig å halde fast på innføring av nullutslepp frå cruiseskipa i verdsarvfjordane frå 2026. Tysdag har klima- og miljøvernminister Sveinung Rotevatn invitert til eit møte om dette, og mellom andre Sjøfartsdirektoratet vil utsette kravet til 2030. – Om vi ikkje held på kravet om igangsetting av nullutslepp i 2026, så kan vi skyte ei lang pil både etter det grøne skiftet og ei omstilling av turismen vår, seier Sandnes.

    Arne Sandnes
    Foto: Synnøve Hole / NRK
  • Forventer mange kanselleringer

    Det er ventet at mellom 40 og 50 cruiseskip kansellerer besøket til Geiranger denne sesongen, på grunn av strengere miljøkrav. Hittil har 16 skip avbestilt, sier havnesjef Rita Berstad Maraak. Det er bare verdensarvfjordene som har så strenge miljøkrav. Det betyr at cruiseskipene kan legge til kai andre steder og sende passasjerene til Geiranger i buss eller mindre båtar, sier Maraak.

    Frå Geiranger med cruiseskip og ferje på fjorden
    Foto: Sissel Brunstad
  • – Umusikalsk forslag

    Avtroppande ordførar i Norddal, Arne Sandnes, meiner det er umusikalsk å peike på deponi for farleg avfall i eit verdsarvområde. Eit ekspertutval har sett på moglegheita for eit nasjonalt avfallsdeponi i Gudvangen i Sogn og Fjordane, som ligg innanfor Unesco sitt verdsarvområde. – Det er noko veldig umusikalsk over å føreslå å plassere gift her. Eg meiner det er respektlaust og at det vitnar om mangelfull forståing representerer, seier Sandnes, som leier rådet som skal ta vare på det vestnorske fjordlandskapet.

    Arne Sandnes
    Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK
  • Fortsatt dårlig luftkvalitet

    Til tross for strengere miljøkrav for cruiseskipene som kom til Geiranger denne sesongen, viser målinger at luftkvaliteten fremdeles er dårlig om sommeren. Universitetet i Bonn måler luftkvaliteten hvert år, i samarbeid med stiftelsen Geirangerfjorden verdsarv. Leder i stiftelsen, Katrin Blomvik, hadde håpet at de skjerpede miljøkravene førte til bedre luftkvalitet. Fra neste år blir miljøkravene for cruiseskip ytterligere skjerpet. Ordføreren i Stranda, Jan Ove Tryggestad (Sp), tror luftkvaliteten i Geiranger vil bedre seg om noen få år.

    Geiranger
    Foto: Lena Høyberg / NRK