Hopp til innhold

Forunderleg fisk i Fræna

Ein mann frå Aureosen har fått ein fisk som han stussa over. Kva kan dette vere for noko? Sjå bileta her - Jan Einarsen gav svaret i Naturtelefonen fredag.

Forunderleg fisk 1

Forunderleg fisk 2

Dette er ein hågjel, ein liten hai på 70-80 cm som lever på djupt vatn. Ein vakker fisk med flotte teikningar, seier Jan Einarsen. "Utstikkaren" vi ser på undersida, er forplantningsorganet til denne hannen. Mange haiartar føder levande ungar, men hågjelen legg egg. Egga er svært solide, dei liknar på plastkapslar og vernar ungane svært godt. Dei ville ikkje greidd å komme seg ut om det ikkje var for at det hornstoffet egga er dekte av, går i oppløysing når ungane er utvikla nok til å forlate egget.

Vi hadde bilete av hågjelegga i ein tidlegare artikkel: Hågjelegg