Fortvilte bønder

Bønder fortvilar fordi dei ikkje har fått spreidd møkka før fristen gjekk ut 1.oktober. Regelverket er innskjerpa og forvirringa er stor. Organisasjonssjef Arnar Lyche i bondelaget i Møre og Romsdal, seier ein kan få dispensasjon i særskilde tilfelle. Jordbrukssjef i Gjemnes, Rolf Amundsen, seier dei har fått søknader men at dei er svært restriktive med å gi disensasjon til møkkaspreiing no.

Gjødsel
Foto: Erik Waage / NRK