NRK Meny
Normal

Fortvilar over at helikopter som var få minutt unna ikkje fekk sløkke

Då brannvesenet trengde hjelp til å sløkke ein lyngbrann i Midsund i Romsdal, vart skogbrannhelikopteret som er stasjonert på Sauda i Rogaland rekvirert. – Meiningslaust, seier lokalpolitikar Kolbjørn Stølen.

Grasbrann ved Bløvatnet i Midsund

Det var i 12-tida laurdag det starta å brenne i terrenget ved Bløkallen i Midsund.

Foto: Anni Kari Pedersen

Det var klokka 12.15 at naudetatane fekk melding om brann i terrenget ved fjellet Bløkallen i Midsund i Romsdal. Vinden var så kraftig i området at det vart bestemt at brannvesenet måtte ha hjelp frå skogbrannhelikopter. På Vigra flyplass utanfor Ålesund stod Nord helikopter klare til å ta oppdraget. Dei er utstyrte med brannbøtte og har erfaring med sløkkearbeid. I staden vart eit helikopter frå Sauda i Rogaland rekvirert.

– Eg er klar over at det finst kontraktar å ta omsyn til, men i ein slik naudssituasjon må det vel gå an å bruke helikopteret som er nærast, seier Kolbjørn Stølen, som sit i kommunestyret i Midsund.

Kolbjørn Stølen

Kolbjørn Stølen meiner at det må gå an å rekvirere det næraste helikopteret når det brenn.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Han anslår at flyturen frå Vigra til Midsund tar sju minutt.

Set spørsmålsteikn ved ressursbruken

Stølen har sjølv erfaring frå helikopterbransjen som teknikar, og meiner at brannen kunne ha vore sløkt etter kort tid dersom ein brukte helikopteret som var nærast.

– Eg set store spørsmålsteikn til disponeringa av ressursane når vi har eit helikopter i nærleiken. Med den austavinden vi har og når det er så tørt, er det skummelt dersom brannen spreier seg, seier Stølen.

Brukar helikopteret som er bestemt

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, DSB, har eit skogbrannhelikopter i beredskap på Sauda i Rogaland. Det ligg nesten 60 mil unna Midsund i Romsdal.

– Det er Hovedredningssentralen som styrer rekvirering av helikopter og det er dei som bestemmer kven som skal ut. Vi har klare direktiv, seier operatør ved 110-sentralen, Nils Bjerknes. Han vil ikkje kommentere synspunkta til Støylen.

Redningsleiar ved Hovedredningssentralen, Jan Lillebøe, seier at dei brukar det skogbrannhelikopteret som DSB har sett til rådvelde for slike hendingar.

– Dette er ikkje ein brann i hus eller skog, men ein brann på fjellet og då har ein meir tid til å vente på helikopteret. Er det fare for liv og helse vert heilt andre ressursar sett inn, seier Lillebøe.

Var i lufta

Nord helikopter på Vigra seier at dei vart kontakta av 110-sentralen med spørsmål om dei hadde brannbøtte. Det har dei og sette i gang førebiungane til brannsløkking på Midsund.

– Ved 14.45- tida var helikopteret i lufta, men i siste minutt vart det opplyst frå 110-sentralen at det hadde blitt rekvirert helikopter fra Sauda via Hovedredningssentralen, seier driftsleiar i Nord helikopter, Magnus Meringdal. Då måtte helikopteret frå Vigra snu.

Brannen stagnerer

Skogbrannhelikopteret frå Sauda kom fram i 17-tida. Helikopteret frakta med seg mannskap og sløkkeutstyr opp i fjellet. Dei er også i gang med dynke fjellsida med vatn, der mannskapet ikkje kjem til.

Slik det ser ut no stagnerer brannen.

Kolbjørn Stølen er glad for at det går bra, men meiner at det er unødvendig at eit skogbrannhelikopter skal flyge halve landet for å gjere jobben. Han har tatt opp saka med ordføraren.

– Vi kan berre sjå kva som skjedde under den kraftige vinden i Lærdal og kor fort det spreidde seg. Når ressursen finst der, må det gå an å spandere 10.000 kroner eller 20.000 kroner på å leige inn det helikopteret, seier Stølen.