AaFK Fortuna vidare på straffekonk
AaFK Fortuna og Blindheim spelte onsdag kveld første runde i cupen for kvinner. Kampen gjekk til ekstraomgangar før det blei mål, og det enda med straffekonkurranse. Der trekte Fortuna det lengste strået.
AaFK Fortuna og Blindheim spelte onsdag kveld første runde i cupen for kvinner. Kampen gjekk til ekstraomgangar før det blei mål, og det enda med straffekonkurranse. Der trekte Fortuna det lengste strået.
Aalesund Fortuna og Blindheim speler første runde i Noregsmeisterskapen i fotball i kveld. Resultatet kan du følgje med på her.
Allereie etter to minutt scora Sofie Riis mål for AaFK Fortuna, og 37 minutt seinare kom det andre målet frå Agata Drozdzik. Fleire mål blei det ikkje på Romssa arena i Tromsø. Og damelaget frå Ålesund vann dermed 0–2.
AaFK Fortuna ligg no på ein tredjeplass i førstedivisjon, eitt poeng bak Hønefoss.
AaFK Fortuna har henta Ingrid Lovise Jåstad frå divisjonskollega Avaldsnes. 21-åringen har signert ei kontrakt som strekker seg ut 2025.
Førre sesong spilte midtbanespelaren 28 kampar for Avaldsnes i Toppserien, og før det stod ho oppført med 63 kampar på toppnivå for bergensklubben Arna-Bjørnar.
Den 21 år gamle fotballspelaren Laura Gashi skal spele for AaFK Fortuna den komande sesongen.
Gashi har erfaring frå Toppserien, og har spelt for både Rosenborg/TrondheimsØrn, Lyn og Lillestrøm kvinner.
Ho er offensiv midtbanespelar og trenar Frode Fagermo karakteriserer dette som ei kjempesignering.
Den som mener seg rammet av urettmessig publisering, oppfordres til å ta kontakt med redaksjonen. Pressens Faglige Utvalg (PFU) er et klageorgan oppnevnt av Norsk Presseforbund som behandler klager mot mediene i presseetiske spørsmål.