Førte båt i rusa tilstand

Politiet fekk melding om ein rusa mann som skal ha ført ein båt i Ålesund. Saman med brannvesenet fekk dei kontroll på mannen, som skal vere i 40 åra. Vedkommande blir meldt for føring av båt i rusa tilstand.