Hopp til innhold

Fort på Fursetfjellet

To bilførarar måtte gje frå seg førarkortet fordi dei køyrde for fort i 80-sona på Fursetfjellet i dag. Den eine køyrde i 123 km/t og den andre i 119 km/t. I tillegg fekk 43 bilførarar forenkla forelegg for å ha køyrt for fort. Éin bilist måtte gje frå seg førarkortet fordi han hadde fått for mange prikkar.