NRK Meny
Normal

Forsvann i skatteregisteret - har enno ikkje fått utbetalt løn

Sofia Wiberg frå Uppsala var overlukkeleg då ho fekk seg ein jobb i Noreg. Men byråkratisk rot førte til ein dårleg start for den nyutdanna veterinæren.

Skattekontor

Utanlandske arbeidstakarar og nordmenn som har hatt lengre opphald i utlandet, må registrere seg på sitt næraste skattekontor så raskt som råd når dei kjem til Noreg.

Foto: Espen Sandmo, NRK

Svenske Sofia Wiberg gledde seg til det nye livet sitt som dyrlege i vakre omgjevnader på Sunnmøre. Nokre få veker etter at ho fekk graden sin frå veterinærhøgskulen i København, flytta ho til Sykkylven for å begynne i jobben i Mattilsynet i Stranda.

Forsvann i skattesystemet

Sofia Wiberg

13. februar var Wiberg nyutdanna som veterinær. Ikkje lenge etterpå starta ho i sin første jobb i Mattilsynet i Stranda.

Foto: Privat

Det første ho gjorde då ho kom til Noreg, var å troppe opp på skattekontoret i Ålesund, for å registrere seg. Personnummer og skattekort skulle kome kort tid etter, fekk ho beskjed om.

– Deretter skjedde det ikkje så mykje. Nokre veker seinare ringde eg dei, men då fann dei meg ikkje i systemet og bad meg vente. Eg ringde på ny etter ei veke, men fekk igjen beskjed om at dei måtte leite vidare. Først ei god stund etter påske fekk eg vite at eg hadde dukka opp i systemet, utan at dei hadde noko forklaring på kvifor det ikkje hadde skjedd før, fortel Wiberg.

Først då fekk ho personnummeret umiddelbart per telefon.

– Eg veit ikkje korfor dei ikkje fann meg i systemet første gangen. Det skjedde jo to gonger. Og brevet med personnummeret ventar eg framleis på.

Får ikkje utbetalt løn

Utan brev med personnummer og skattekort må Wiberg pent vente på å få opna bankkonto og utbetalt løn. Ho kan heller ikkje registrerast i systemet til arbeidsgjevaren.

– Som nyutdanna har eg ikkje så mykje å rutte med, og har levd på luft og kjærleik den siste månaden, seier 29-åringen.

Nyleg stilte arbeidsgjevaren opp og gav henne løna på forskot.

– Det hjelpte verkeleg, for det begynte å bli krise, seier Wiberg.

Innan to veker

Rune Langsø Johansen, avdelingsdirektør for rettleiing i Skatt Midt-Norge, vedgår at det har skjedd ein glipp.

– Normalt vil ein få tilsendt brev om at har registrert innflytting til Noreg innan to veker atter at ein har møtt opp på skattekontoret, seier han.

– Vi beklagar at ho opplever at det har teke så lang tid å få tilsendt fødselsnummer og ordna skattekort slik at arbeidsgjevar får trekt rett skatt, skriv Johansen i ein epost til NRK.

– Ikkje trudd det skulle vere vanskeleg

Wiberg veit ikkje om ho er eit særtilfelle eller ei, men vil berre lufte litt frustrasjon om ei problemstilling ho trur gjeld fleire.

– Eg hadde verkeleg ikkje forventa at det skulle bli så strevsamt å flytte frå eitt skandinavisk land til eit anna. Alle seier det skal vere så lett å flytte i Norden, men det er ikkje mitt inntrykk. Det går langsamt, seier ho og legg til at det heile har tæra på kreftene.

– Men eg føler meg elles svært velkomen i Noreg både på jobb og i fritida, understrekar ho.

– Eit kjend problem

– Vi får med jamne mellomrom inn meldingar frå folk som seier at det er vanskeleg å folkeregistrere seg i Noreg. Dette gjeld ikkje berre utlendingar, men også nordmenn som flyttar tilbake frå andre nordiske land, seier Tone Heiene som er prosjektleiar i informasjonstenesta Hallo Norden.

Sjølv om det etter nordiske konvensjonar skal gå høveleg knirkefritt å flytte mellom landa, opplever mange det som ein frustrerande prosess, spesielt etter at regelverket for ID-kontroll og dokumentasjon ved folkeregistrering vart innskrenka i 2012.

– Det finst små og store hinder. Hallo Norden har ingen ombodsmannsrolle, men vi kan gje informasjon – noko folk ofte manglar i ein flyttesituasjon, seier Heiene.

I saker der nokon føler at dei står fast i møtet med Skatteetaten, kan Hallo Norden undersøkje kva som gjeld reint lovmessig og elles forhøyre seg om alt er som det skal vere.

– Det brukar å hjelpe. Dersom det viser seg å vere eit reelt grensehinder, anten juridisk eller praktisk, så rapporter vi til grensehinderrådet i Nordisk ministerråd, og ber om avklaring på kva som gjeld eller bør gjelde ut ifrå nordiske konvensjonar og avtalar.