Hopp til innhold

Førsteslåtten har vore utfordrande for mange

Mange bønder i Møre og Romsdal har hatt ein utfordrande førsteslått i vår og tidleg sommar, seier fylkesleiaren i Bondelag, Konrad Kongshaug.

Han trur mange no er i ferd med å kome i mål. Men veret med mykje regn har gjort det vanskeleg å kome i gang med førsteslåtten. I tillegg har ikkje vårtørken vore god, noko som har gjort jorda sårbar for regn, seier Kongshaug.

Mange har måtte utsette slåtten fordi det har vore for blautt som har gjort køyreforholda vanskelege.

Når slåtten drar ut i tid så blir kvaliteten dårlegare, vil det føre til eit større behov for auka bruk av kraftfor som igjen gjer kostnadane aukar, seier Kongshaug.

Løten, Hedmark
Foto: Thomas Cottis

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL