Førsteplass, sjetteplass og solistprisar

Korps frå Møre og Romsdal konkurrerte og gjorde det sterkt i Janitsjar-NM i Trondheim

Aalesunds Ungdomsmusikkorps

Konsentrerte musikarar i ungdomsmusikken spelte Aalesund inn til sjetteplass.

Foto: Norges Musikkorps Forbund

Aalesunds Ungdomsmusikkorps spelte seg inn til ein sjetteplass i 2. divisjon i NM for janitsjarkorps. Med Stijn Berbé som dirigent fekk ungdomsmusikken 92 poeng. Vinnaren, Alvøens Musikkforening, fekk 98.

Stijn Berbe dirigerer Aalesunds Ungdomsmusikkorps

Stijn Berbé dirigerte Aalesunds Ungdomsmusikkorps, som tok ein sjetteplass i janitsjar-NM i 2. divisjon.

Foto: Norges Musikkorps Forbund

Hakk i hæl med 90 poeng følgde Sykkylven Janitsjarorkester, dirigert av Jan Petter Frostad. Dei kom på ein åttandeplass.

Solistpris til Hege Haugen

Tresfjord Janitsjar tok ein sterk andreplass i fjerdedivisjon. Arnfinn Dalhaug dirigerte. Kornettist Hege Haugen i Tresfjord Janitsjar tok solistprisen i denne divisjonen.

Ulf til topps i femte

Musikklaget Ulf frå Ulsteinvik stilte i femtedivisjon, og gjekk like godt til topps der. Med 96 poeng var dei to poeng føre Ringsaker Janitsjar.

Soloklarinettist Elisabeth Lillestøl frå Ulf fekk solistprisen i 5. divisjon.

I same divisjon vart Musikklaget Brage nummer ni.

Solistpris til Åndalsnes

I sjettedivisjon plasserte Musikkorpset Tempo frå Kristiansund seg som nummer seks.

Sjuande divisjon: Åndalsnes Musikkforening på tredjeplass. Solistpris til altsaksofon i Åndalsnes Musikkforening.

sykehus

Erna vil ikkje overprøve fødestenging

Erna vil ikkje overprøve fødestenging