Her øver elevane på trafikkulykke

Det gjorde sterkt inntrykk då elevane ved Rauma vidaregåande skule fekk sjå konsekvensane av ei trafikkulykke på nært hald.

Øving trafikkulukke Rauma vgs 130916

Unge er overrepresentert på ulykkesstatistikken. Elevane ved Rauma vidaregåande skule fekk i dag sjå konsekvensane av ei trafikkulykke på nært hald.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

Rauma vidaregåande arrangerte i dag førstehjelpsdag for alle elevane ved skulen. Der hadde dei også praktisk øving som skulle vise ei trafikkulykke som like godt kunne skjedd ein av dei.

– Det var tøft og lærerikt. Eg har sett ein krasja bil før, men eg har aldri sett sjølve redningsaksjonen. Det følast ganske realistisk ut når alle brannbilane og ambulansen kom, seier elev Elias Dyrkorn.

Ønskjer å førebyggje

Ole Tommy Ødegård er avdelingsleiar for yrkesfag ved skulen og ein av initiativtakarane bak førstehjelpsdagen.

Ole Tommy Ødegård

Ifølgje Ole Tommy Ødegård var formålet med øvinga å førebygge trafikkulukker.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Ein har sjølvsagt lyst å ta omsyn. Kanskje har nokon opplevd noko liknande eller får ein reaksjon der og då, men vi valde likevel å gjere det så reelt som mogleg for å få fram alvoret.

Skulen ønskja å vise elevane kva som kan skje under ei trafikkulykke og kva som kan vere konsekvensane i ettertid.

– Eg trur mange unge tenker at ulukker ikkje skjer med meg. Men det viser seg gang på gang at det er akkurat det som skjer. Mange unge blir utsett for ulykker og opplever alvorlege ting, difor er det viktig å sette fokus på det, seier han.

Sette fokus på trygg køyring

Ei bilulykke blei valt som scenario nettopp fordi mange av elevane ved skulen har starta på føraropplæringa.

 Falke Haugen, brannsjef i Rauma

Falke Haugen, brannsjef i Rauma, meiner det er viktig at naudetatane deltek i slike øvingar.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Det er veldig mange som enten har lappen eller som kjem til å ta lappen. Vi synest det var viktig å vise utfallet av ei slik ulykke og ansvaret som kvilar på sjåføren, seier Ødegård.

Alle naudetaten deltok i den omfattande øvinga ved skulen og brannsjef i Rauma, Falke Haugen, meiner slike øvingar er viktige for å nå denne målgruppa.

– Statistikken viser dessverre at mange 18-åringar som nettopp har fått lappen er involvert i alvorlege ulykker. Då er det greitt å kunne vise konsekvensane av ei slik ulykke i ei trygg ramme.

Gjorde inntrykk

Elevane Sigrun Kvam Lislien og Celina Aursand spelte to av dei skadde i øvinga og fortel at det var ei spesiell oppleving.

Sigrun Kvam Lislien og Celina Aursand

Elevane Sigrun Kvam Lislien og Celina Aursand deltok i øvinga.

Foto: Silje Bjerknes / NRK

– Bilen blei dradd i alle moglege retningar og du kjende at det hagla glassprot. Då får du sett det frå eit anna perspektiv, så det var både spennande og lærerikt, seier Lislien.

Aursand er samd.

– Der er skummelt at det kan skje på ekte. Det var eigentleg litt ekkelt når eg såg at dei stod og drog ein bil som eg akkurat sat i.

– Eg trur ikkje det er så veldig mange som har lyst til å køyre fort etter å ha sett dette. Det har i alle fall ikkje eg som sat i bilen lyst til, seier Lislien.

Gå til forsiden

Førstehjelpsøving Rauma

Førstehjelpsøving Rauma

Førstehjelpsøving Rauma

12 bilder

    Siste video/lyd

    Øyfolket i Sande på Søre Sunnmøre er i ferd med å miste tolmodet.
Dei fryktar fråflytting frå Kvamsøya, Voksa og Sandsøya. 
Fleire etterlyser eit samband mellom øyane.
    Dei tre siste åra har meir enn 450 alvorleg psykisk sjuke kome seg inn i arbeidslivet.
Dette skjer etter eit aktivt samarbeid mellom NAV og helsevesenet.
Ein ny forskingsrapport viser at pasientane blir friskare av å jobbe.
    Ein rakett er kanskje det som skal til for å gjere skuleelevar interesserte i naturfag. 
Elevar på Gjermundnes i Vestnes har utvikla ein rakett som skal få barn og unge til å bli i fyr og flamme.