Hopp til innhold

– Risikerer norsk parodi

Førsteamanuensis i norsk, Edit Bugge, er kritisk til ekspressintegrering av flyktningar. Ho meiner opplæring i norsk språk og kultur på 33 dagar fort kan bli ein parodi.

Norsk på 33 dager

Det er nokre av øvingane som blir vist i NRK-serien «Norsk på 33 dager» Førsteamanuensis Edit Bugge reagerer på. Ein fuktig russefest var noko av det første dei måtte gjennom då dei kom til Nordmøre.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

NRK sin miniserie «Norsk på 33 dager» er i søkjelyset i førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet, Edit Bugge, sin kronikk i Bergens Tidende som kom ut i helga.

Ho er kritisk til forskingsprosjektet på Nordmøre, der deltakarane er samla døgnet rundt i 33 dagar, til undervisning i norsk kultur og språk.

– Når norsk kultur skal opplevast på 33 dagar, risikerer vi å presentere ein parodi av kulturen, skriv ho i avisa.

Les også:

– Vulgært

Syriske Ali drikker øl

Då Ali Zamrini (28) kom til Noreg var ein fuktig russefest noko av det første han måtte gjennom. Som prøvekanin fekk han sjansen til å teste kor norsk ein kan bli på 33 dagar.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

I NRK-serien «Norsk på 33 dager» kan ein følgje flyktningane som kjem til Nordmøre når dei skal prøve å verte så norsk som mogleg på 33 dagar. Samstundes som dei får høgintensiv undervisning på dagtid, festar og feirar dei seg gjennom norske høgtider og høgdepunkt i helgane. Så ventar 100 dagar i arbeidspraksis.

Tanken er at ekspresskurset skal gje flyktningar ein heilt unik sjanse til å bli kjende med den norske kulturen og språket.

– Det er kanskje den viktigaste erfaringa dei får, at dei har kjent på det frå innsida, korleis det er å vere russ og stå i ein pressa situasjon når det står folk rundt deg og ropar «kom igjen no, kom igjen no», seier konseptutviklar Siri Lund.

Idéen er god, men norsk kultur vert framstilt som vulgær, skriv Edit Bugge.

– 17. mai-tog i oktober og leiting etter påskeegg kan ein kanskje leve med. Kanskje vil også NRK auke nyhendeverdien i dekninga si gjennom ei spissa framstilling av kursopplegget. Men scena der ein kursdeltakar skal oppleve russetid og gruppepress ved å styrte ei øl med tampongar i munnen, er vanskeleg å forstå.

Halloween

Siri Lund (til høgre) er den som står bak ideen om eit ekspresskurs for flyktningar. Her er det barnebursdag med Halloween-tema dei går gjennom.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Vaksne elevar har mindre tid til leik og tull

Edit Bugge meiner at ei framstilling av norsk kultur med fokus på det sansasjonelle og til dels vulgære og infantile, heller fører til større framandgjering enn integreringslyst.

– Kunnskap frå vaksenpedagogikken fortel oss at det er lurt å behandle vaksne som vaksne, skriv ho.

I kronikken sin peikar Bugge også på at vaksne elevar har mindre tid til leik og tull og at dei treng å føle at undervisninga er nyttig for å nå målet sitt.

– Av voksne kan vi forvente et høyere refleksjonsnivå og en evne til å se at også den norske kulturen er mangefasettert, poengterer Bugge.

Sjå serien «Norsk på 33 dager»

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL