Thorir Hergeirsson er fornøgd med den første treninga i Ulsteinhallen. På tribunen var det samla fleire nyfikne frå handballgruppa i Hødd som saman med handballforbundet har ansvaret for arrangementet.
Alle dei store norske stjernene var på plass, og det var høgt tempo og intensitet på treninga som vart leia for det meste av Mia Hermansson Högdahl i tospann med Hergeirsson.
I halvannan time heldt dei det gåande før det var nedjogging og sykling. Den første kampen vert ikkje spelt før om ei veke, så her vert det fokus på treningsøktene dei neste dagane.
Høgt tempo på treninga i Ulsteinhallen torsdag kveld
Foto: Arne Flatin / NRKKampprogrammet ser slik ut:
Torsdag 21. juli:
Klokka 1715 Frankrike-Spania
Klokka 1930 Norge-Romania
Laurdag 23. juli:
Klokka 1715 Romania-Frankrike
Klokka 1930 Norge-Spania
Søndag 24. juli:
Klokka 1545 Spania-Romania
Klokka 1800 Norge-Frankrike
Tøffe tak på treninga i Ulsteinhallen i kveld.
Foto: Arne Flatin / NRKThorir Hergeirsson dirigerer troppane på treninga torsdag kveld.
Foto: Arne Flatin / NRKLeiaren for Hødd handball, Jarl Martin Møller, seier det er godt å vere i gang etter så lang tid med planlegging. Han ser fram till innhaldsrike dagar.