NRK Meny
Normal

Sunnmøre først ute med økologisk øl

Grim og Gryt Økobryggeri har kasta seg på bølgja av spesial-øl, og er det første heiløkologiske bryggeriet i landet.

Grim & Gryt økobryggeri

F.v.: Andreas Grimstad og Øyvind Grimstad Gryt står bak det økologiske mikrobryggeriet på Hareid.

Foto: Pål Aarsæther

Øyvind Grimstad Gryt

Øyvind Grimstad Gryt fortel at dei bruker berre norsk korn i alt dei bryggar.

Foto: Pål Aarsæther
Grim & Gryt økobryggeri

Grim & Gryt brukar berre økologiske råvarer i øla si.

Foto: Pål Aarsæther
Andreas Grimstad

Andreas Grimstad seier at dei kan tenkje seg å lage eiga juleøl.

Foto: Pål Aarsæther

Det er i vinden å brygge eige øl, og no har også sunnmøringane kasta seg på trenden med spesial-øl. Gode handverksbryggeri med ulike og spanande øltypar har etablert seg frå Lindesnes i sør til Troms i nord. Men det er framleis noko som manglar på denne mangfaldige paletten, eit økologisk alternativ som brygger øl på den reinaste måten utan nokon kunstige tilsettingar.

Først i landet

Grim og Gryt Økobryggeri A/S på Hareid er det første økologiske handverksbryggeriet i landet.

– Vi skal brygge smaksrike øltypar utan bruk av filtrering, pasteurisering eller tilsettingsstoff. Grim & Gryt brukar berre økologiske råvarer og også norsk korn i all øla vi brygger. Vi fokuserer på berekraftige og miljøvenlege metodar i heile prosessen frå jord til glas, seier Øyvind Grimstad Gryt.

Stiftarane, Øyvind Grimstad Gryt og Andreas Grimstad, har brygga i lag dei siste seks åra og har like lenge planlagt oppstart av sitt eige handverksbryggeri. No er tida koma.

Vil starte lokalt

Bryggeriutstyr blir no bestilt og skal setjast opp sentrumsnært på Hareid. i førstninga skal Grim & Gryt levere øl lokalt på Sunnmøre og til utvalde stadar i dei største byane. Samtidig vil ein jobbe for å få ulike øl inn i Vinmonopolet sine sortiment, og då vil heile landet få tilgang til dei økologiske øltypane.

– Målet er å kome med økologiske øl på marknaden i fjerde kvartal i år. Om det blir ei eiga juleøl i år har vi ikkje bestemt enno, men det er nok ikkje utenkeleg. Uansett kan vi seie at våre økologiske øltypar passar utmerka godt til all mat, julemat også, avsluttar Andreas Grimstad.

Finansieringa nesten i boks

Oppstarten har allereie blitt sikra ved å selje aksjar til småinvestorar som ser verdien av lokalt, økologisk kvalitetsøl, og godt over halvparten av finansieringa er no på plass.

Grim & Gryt økobryggeri

Grim & Gryt har fått tilsegn om støtte frå Innovasjon Norge, som landets første økobryggeri.

Foto: Pål Aarsæther