Styreleiar Per Axel Koch i Sparebank 1 Midt Norge seier dei skal presentere kva planar dei har for ei samanslåiing av dei to bankane.
Dagen i dag blir på mange måtar spesiell både for Romsdals Fellesbank og Sparebank 1 Midt-Norge. Klokka 12 skal styreleiar Per Axel Koch og direktør Finn Haugan i Sparebank 1 Midt-Norge for første gang sidan bankkrigen starta for fullt i november site ned og snakke med leiinga i Romsdals Fellesbank.
Styreformann Helge Aarseth i Fellesbanken har så langt ikkje ville ha snakka med Sparebank 1 Midt-Norge, fordi han har sett på oppkjøpsplanane som fiendtlege.
Men førre fredag kom vendepunktet. Sparebanken Møre, som også ville kjøpe Fellesbanken, trakk bodet sitt. Dermed er det no er det klart at Sparebank 1 Midt-Norge blir den nye eigaren av Romsdals Fellesbank.
Held fast på lovnader
Styreleiar Per Axel Koch i Sparebank 1 Midt-Norge vil ikkje gi nokon kommentar før møtet i dag.
Men han held fast på at dei lovnader som banken har gitt til Romsdals Fellesbank står ved lag. Det betyr mellom anna ei styrking av staben i Molde med mellom 8 og 10 årsverk. Garantiane overfor dei tilsette om at dei skal få behalde jobbane sine står også ved lag.
Etter møtet i føremiddag er det venta at Sparebank 1 Midt-Norge vil informere meir om planane dei har for Romsdals Fellesbank.