Hopp til innhold

Første mobbeombod

Kristin Øksenvåg er tilsett som mobbeombod i Møre og Romsdal. 45 år gamle Øksenvåg kjem frå stillinga som seniorrådgivar i avdeling for oppvekst og utdanning hos fylkesmannen. Ho er utdanna allmennlærar og tar til i den nye stillinga i september. Øksenvåg har tidlegare vore fagleiar i Trondheim og lærar i Bærum.

Kristin Øksenvåg
Foto: Møre og Romsdal fylkeskommune