Hopp til innhold

– Mykje større dimensjonar enn forventa

Ordføraren i Sykkylven, Petter Lyshol (H), reagerer med vantru på dimensjonane til kraftutbygginga som no blir gjennomført i kommunen hans. Statnett si nye kraftline frå Ørskog til Fardal skal sikre Møre og Romsdal betre strømforsyning frå 2016.

Kraftmast Sykkylven

Dei 40 meter høge, nye kraftmastene som Statnett set opp mellom Ørskog og Fardal, blir godt synlege på grunn av sin raude og kvite farge. I Sykkylven er Statnett i full gang med utbygginga, som skal sikre Møre og Romsdal sikrare strømforsyning frå 2016.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Det er mykje større dimensjonar på dette enn vi hadde sett føre oss, det må eg berre innrømme, seier Petter Lyshol, ordførar i Sykkylven kommune.

Lyshol kjempa for ei tid tilbake, slik som mange andre, for å få sjøkabel i staden for kraftline. Men det blei med forslaget, og i sommar har byggjeaktiviteten på Gauneset og på Heiane i Sykkylven vore svært omfattande.

Petter Lyshol

Høgre-ordføraren Petter Lyshol i Sykkylven kommune, meiner kraftutbygginga som blir gjort gjennom kommunen er vel omfattande.

Foto: Høgre

– Dersom ein hadde valt sjøkabel i staden, hadde vi spart oss for alle kraftlinene bygda no blir belasta med. Så det er klart, dette er noko vi er lei oss for, seier ordførar Petter Lyshol.

40 meter høge master

Fleire titals 40 meter høge master er allereie sett opp. Berre mellom Ørskog og Ørsta vil det bli sett opp totalt 156 kraftmaster.

Mellom Ørskog og Fardal i Sogn og Fjordane blir det til saman 800 master av typen som har gått under kallenamnet "monstermaster".

Kostnaden på prosjektet er rekna til ein stad mellom 4,7 og 5,5 milliardar kroner.

Trafoanlegg klart neste år

Trafoanlegget på Heiane i Sykkylven som skal knytast til kraftlina mellom Ørskog og Fardal, byrjar også å ta form. Trafoanlegget skal vere klart til bruk allereie i 2014.

– Det er god framdrift for å få trafoanlegget klart, seier Ove Brattbakk, prosjektleiar i Statnett.

(Saka held fram under biletet).

Kraftmaster Sykkylven

Statnett si nye kraftline set spor i terrenget, der kraftmastene slynger seg over fjella i Sykkylven.

Foto: Remi Sagen / NRK

I utgangspunktet hadde Statnett planlagt å legge anlegget nærare områder der folk bur, men etter protestar blei tomta flytta lenger til fjells. Det gir Statnett større utfordringar.

– Det blir meir utfordrande reint teknisk og i forhold til gjennomføringa. Men endringa førte til meir aksept for prosjektet, og difor er eg glad for at vi tok det valet, seier prosjektleiar Ove Brattbakk.

Trafoanlegg Sykkylven

Det store trafoanlegget som skal binde saman kraftlina som skal gå frå Ørskog til Fardal i Sogn og Fjordane blei flytta lenger til fjells, etter lokale protestar.

Foto: Remi Sagen / NRK

Vêret skapar problem for italienske arbeidarar

Helikopteret til Statnett blir nok mykje å sjå i lufta over Sykkylven ei stund framover. Det trengst nemleg for at dei italienske arbeidarane som har ansvar for å setje opp mastene skal kunne gjere jobben sin. Vêrgudane på Sunnmøre speler diverre for italienarane ikkje alltid på lag.

Stefano Negri

Italienske arbeidarar har ansvaret for å setje opp dei førti meter høge kraftmastene. Sunnmørsvêret kan by på problem, då mykje av arbeidet blir gjort med helikopter, i følgje direktøren i italienske Consorzio, Stefano Negri.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Vêret er faktisk det største problemet vårt. Mykje av arbeidet med å setje opp mastene oppe i fjellsidene krever hjelp frå helikopter. Når vêret har vore dårleg, har vi ikkje kunne nytta helikopteret, seier Stefano Negri, direktør i Consorzio.

Conzorsio er eit italiensk firma som er leigd inn av Statnett for å spesifikt jobbe med oppføring av kraftmastene. i tillegg til Sykkylven har firmaet byrja å setje opp master i Ørsta og Ørskog her i fylket.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL