Nils Beite vert den første lekmannen som vert prest her i bispedømmet.
Beite har mellom anna arbeidd i Misjonsselskapet som forkynnar. Dei siste åra har han arbeidd som vikarprest og i dag er han tilsett som prostiprest i Austre Sunnmøre prosti.
Enkelte innan kyrkja meiner det er feil at personar som manglar teologisk embetseksamen skal kunne verte ordinert som prest. Men Beite trur ikkje at nokon vil sjå på han som mindre prest enn dei som har den formelle utdanninga.