Første barnedåp på byfjellet Aksla

Søndag blei eit barn døypt ute på Aksla i Ålesund for første gong. Volsdalen menighet arrangerte utegudsteneste då Isak Lervåg Humlen blei boren til dåp. Sokneprest Arnt Sigurd Sollie seier han er takksam for at Aksla Vel held området i orden slik at det mellom anna går an å arrangere gudstenester i området. Velforeininga har mellom anna sett opp gapahukar, og barnedåpen blei feira ved ein av desse.

Dåp på Aksla
Foto: privat