Hopp til innhold

Rypdal, Aurora og Sondre Justad til Moldejazz

Den norske jazzmusikaren og komponisten Terje Rypdal blei i dag presentert som første artisten til neste års Moldejazz.

Terje Rypdal

Terje Rypdal fyller 70 år neste år og er tilbake på Moldejazz-scena 10 år etter at han sjølv var Artist in Residence under festivalen.

Foto: Ruud, Vidar / NTB scanpix

Det blei klart under Moldejazz si pressekonferanse torsdag formiddag. Der presenterte festivalsjef Hans-Olav Solli jazzmusikaren Terje Rypdal frå Vestnes som den første artisten til neste års Moldejazz. Det skjer ti år etter at Rypdal sjølv var Artist in Residence under Moldejazz.

Under neste års Moldejazz vil han opptre med eit nytt prosjekt og bandet Conspiracy. Konserten blir spelt tysdag 18. juli klokke 18.00.

Moldejazz blir arrangert 17-22.juli 2017.-

Anerkjent artist

Den snart 70 år gamle musikaren har ei lang og innhaldsrik karriere bak seg. Rypdal har mellom anna mottatt tre Spellemannprisar. I 1981 fekk han spesialprisen sølvharen/10-års jubileumspris i samband med prisens 10-årsjubileum. I 1995 fekk han Spellemannprisen i open klasse for albumet «If Mountains Could Sing». og i 2005 blei han tildelt heidersprisen.

Han har også mottatt Gammleng-prisen i klassen jazz i 1990, og i 2012 blei han innlemma i Rockheim Hall of Fame i Trondheim.

Variert artistslepp

Sondre Justad på Festvågtinden

Sondre Justad er blant artistane til neste års Moldejazz.

Det var eit variert program som blei presentert under pressekonferansen i Molde i dag. I tillegg til Rypdal skal Sigvart Dagsland spele konsert saman med pianist Tord Gustavsen i Molde domkyrkje.

På Romsdalsmuseet skal Aurora og Sondre Justad spele kvar sin konsert.

Andre artistar som er på plakaten neste år er trompetistene Enrico Rava og Tomasz Stanko. Begge musikarane har besøkt Molde før, men dette er første gang dei står på scena saman. Med seg på laget har dei eit band av stjernemusikere fra både Europa og Amerika.

Den tyske komponisten og jazzpianisten Thelonius Monk og resten av Monk’s Casino skal underhalde publikum med musikken sin inspirert av Thelonius Monk.

Også bandet Moon Hooch kjem heilt frå Brooklyn kjem til neste års Moldejazz. I tillegg får publikum oppleve saksofonist Harald Lassen saman med den talentfulle pianisten Bram le Looze, Tore Flatjord på trommer og perkusjon og Stian Andersen på bass.

Artisten Sondre Justad, et flygel og en drone med kamera. Det er hovedingrediensene i videoen fra innspillingen av låta «Det e over» i akustisk versjon.

Sjå Sondre Justad framføre ein akustisk versjon av låta «Det er over».

Saka blir oppdatert.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL