Tresfjord hjelpekorps kom til staden rett før den sakna mannen blei funnen, samtidig med mannskap frå Ørsta Røde Kors.
Leiar i Tresfjord Røde Kors hjelpekorps, Jørgen Kjersem, forstår ikkje prioriteringa til politiet. Han meiner at geografisk burde Tresfjord Røde Kors hjelpekors vore utkalla. Han har heller ikkje fått noka forklaring på det som skjedde, anna enn at det heile vart styrt frå sentralen i Ålesund.
Vil ikkje kalle det ein glipp
Redningsgrupper frå Ørskog, Spjelkavik, Langevåg, Vatne/Tennfjord, Stranda, Ørsta og Tresfjord vart kalla inn til leiteaksjon laurdag. Tresfjord vart innkalla til slutt, endå dei har kort veg. Dei kom til oppmøtestaden rett før den sakna vart funnen av ein skipatrulje frå Stranda. Stabsjef i Sunnmøre politidistrikt, Kåre Hanken, vil ikkje kalle det ein glipp frå politiet si side. Han seier dei har ei varslingsliste, og frå den vel dei ut kven som blir tilkalla. Han seier også at dei hadde på plass ni snøscooterar.
Jørgen Kjersem seier tid er viktig i slike situasjonar, og difor er det spesielt viktig at det korpset som er nærast blir kalla ut tidleg.