Det sa direktør ved Nynorsk kultursentrum, Ottar Grepstad, i årstalen om tilstanden for nynorsk skriftkultur i Ivar Aasen-tunet fredag.
– Desse barna kjem heller ikkje til syne i utdanninga av dei som skal vere førskulelærarar dei neste tretti åra. Det blir ikkje mykje slitesterke haldningar av slikt, sa Grepstad.
Språkfolk og andre interesserte frå heile landet var til stades då direktøren i Nynorsk kultursentrum heldt den åttande årstalen. I år handla heile talen om dei språklege oppvekstvilkåra for barn under skulepliktig alder.
Ikkje heilsvart
Alt er likevel ikkje heilsvart. Grepstad kan fortelje at barn under skulepliktig alder ikkje ser meir tv no enn i 2000, og foreldra sin påverknad har framleis mykje å seie for språkutvikinga.
Han meiner rammeplanen for barnehagane må skrivast om. Barn med nynorskbakgrunn må bli sett på sine eigne premissar. Grepstad gir ros til fleire barnehagar for at dei gjer nettopp det. Ein av dei er Liadal barnehage i Ørsta. Dei har laga sin eigen språkbank med ord som barna sjølve skriv. Seljord barnehage får også ros for å vere medvitne i nynorskbruken.
Omset til bokmål
Grepstad fortel vidare at bokmålsbarna får lite nærkontakt med nynorsk. Mange førskulelærarar omset nynorske barnebøker til bokmål når dei les høgt.
– Språklege skilnader gjer berre barna meir nyfikne og meir opptekne av språk. Då lærer dei også meir, seier Grepstad.