Normal

Prøvde å sette fyr på tilsett på asylmottak

Måndag føremiddag vart ein mannleg asylsøkjar i 40-åra arrestert av politiet på Ålesund mottakssenter. Regionsjef i Hero Noreg seier at dei jobbar med sikkerheita heile tida.

Måndag føremiddag vart ein mannleg asylsøkjar i 40-åra pågripen av politiet på Ålesund mottaksenter.

Måndag vart ein tilsett ved Ålesund mottakssenter i Sundgata forsøkt påtent av ein mannleg asylsøkjar.

Den russiske mannen dynka den tilsette med brennbar veske og forsøkte å sette fyr på vedkomande.

– Vi ser svært alvorleg på saka. Det er jo eit forsøk på mordbrann og drap, seier operasjonsleiar Trygve Ødegård i Sunnmøre politidistrikt.

Kjøpte brennbar væske

– Der oppstod ein veldig alvorleg situasjon med at ein asylsøkjar hadde utrusta seg med brennbar væske, og har då dynka ein tilsett på asylmottaket og truga med at han skulle setje fyr på han. Han har hatt dette som føremål ved å kjøpe inn væske og oppsøkt staden, legg operasjonsleiaren til.

– Korleis vart mannen arrestert?

– Det var heldigvis resolutte tilsette på staden som overmanna han. Vi fekk eit naudanrop og var på staden i løpet av tre minutt. Då låg det tilsette over mannen og heldt han nede.

Undersøkt av lege

Asylsøkjaren er no på politistasjonen og vil bli undersøkt av lege.

– Etter det vil vi ta ei vurdering på om han vil bli framstilt for varetekt eller om han blir ivareteken vidare av helsestellet, seier Ødegård.

Den tilsette vert teken hand om på staden og Ålesund politistasjon vil etterforske saka vidare.

Jobbar med sikkerheita kontinuerleg

Regionsjef i Hero Noreg, Vidar Torheim, seier at dei aldri har opplevd tilsvarande situasjon.

– Vi gjør risikoanalysar jevnleg og har mange førebyggande tiltak. Vi har avviksregistrering som er med å kartleggje situasjonar og episodar som skjer.

– Er sikkerheita god nok?

– Eg kjenner godt til mottaket i Ålesund og det er eit bra system der. Men det er klart at all den tid ein skal samtale med menneske direkte, så kan det oppstå uventa episodar. Vi ranssaker ikkje personar før vi har møte med dei, seier han.

Han seier at dei jobbar med sikkerheit kvar dag. No vil dei gå grundig gjennom korleis denne situasjonen kunne oppstå.

– Vi skal gå gjennom det som har skjedd, men ein kan ikkje gardere seg mot alt. Det er ikkje meininga at eit asylmottak skal vere som eit fort, seier han.

En asylsøker prøvde mandag å tenne på en ansatt ved mottaket i Ålesund.

Se tv-reportasje om saka her.