Hopp til innhold

Forsøk på brannstifting i Kristiansund

Politiet ser alvorleg på at nokon prøvde å tenne på noko papir i ein blokkoppgang i Kristiansund sentrum rundt midnatt.

Kristiansund

Operasjonsleiar Arnt Rennan seier dei har jobba med saka i natt og at arbeidet held fram i dag.

- Ein røykvarslar og ein som bur i blokka oppdaga branntilløpet, men konsekvensane kunne blitt alvorlege, seier Rennan.

Han kallar saka «ekkel», men vil elles ikkje seie så mykje sidan saka er så fersk og etterforskinga berre så vidt har kome i gang.

Politiet veit ikkje om papiret som låg i oppgangen allereie låg der, som reklame eller liknande frå postkassene, eller om papiret var brakt dit av den eller dei som tende på.

Om dette var ei medviten handling eller noko som er gjort utan at det blei tenkt konsekvens er også for tidleg å seie noko om.

Om det var fare for spreiing eller om brannen kunne fått tak, kan Rennan heller ikkje seie noko sikkert om, sidan det er usikkert kva materiale det var i oppgangen på blokka.

I Folkeregisteret er det registert åtte personar på denne adressa, og det er ei blokk på tre etasjar.

Brannvesenet fekk omlag samtidig melding om brann i ei anna blokk i sentrum, men dette viste seg å vere falsk alarm. Kva som utløyste den er usikkert, men politiet set ikkje desse sakene i samanheng.