Hopp til innhold

Forskar trur kommunane vegrar seg for å granske barnehagane

Forskar Trond Erik Lunder trur kommunane vegrar seg for å kontrollere pengebruken i dei private barnehagane. I Ålesund har tre tilsette arbeidd i eitt år før det gav resultat.

Leikeplass på barnehage

Nyleg varsla Ålesund kommune at fire barnehagar kan måtte betale tilbake millionbeløp. Kommunen hevdar barnehagane har brote barnehagelova og tatt ut ulovleg høge utbytte. Det kan bli vanskeleg å bevise.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Det har gått over eitt år sidan Ålesund kommune varsla at dei sette i gang gransking av pengebruken i fleire private barnehagar. Bakgrunnen var fleire oppslag i Utdanningsnytt og Sunnmørsposten om høge sjefslønningar, innkjøp av bilar, naust og ein kiosk.

Først sist fredag blei det kjent at kommunen no krev millionbeløp tilbake frå fleire av barnehagane.

Seniorforskar og samfunnsøkonom, Trond Erik Lunder hos Telemarksforsking, trur det er så komplisert å granske pengebruken at mange kommunar takkar for seg.

Trond Erik Lunder

Seniorforskar Trond Erik Lunder i Telemarksforsking seier det er sjeldan i Noreg at private barnehagar faktisk må betale tilbake fordi dei har tatt ut ulovleg utbyte.

Foto: Telemarksforsking

– Det er kompliserte økonomiske transaksjonar i mange barnehagar og barnehagekonsern. Kommunen må hente dokumentasjon på det. Kanskje møter dei også motstand frå barnehagen, som gjer at dei må spør både to og tre gongar, seier Lunder og legg til at eit uklart lovverk fører til mange gråsoner.

Det er i overkant 3000 private barnehagar i Noreg. Lunder seier det er vanskeleg å vite kor mange av dei som burde vore granska, for å avdekke ulovleg uttak.

Les også:

Fleire tilsette har granska sidan nyttår

I Ålesund har fleire tilsette, på fulltid eller deltid, har arbeidd sidan nyttår med å undersøkje om seks private barnehagar har tatt ut utbytte i strid med lova.

Ifølgje barnehagelova er det greitt å ta ut eit "rimeleg årsresultat". Vurderinga av kva som er "rimeleg" er det som gjer arbeidet vanskeleg.

Kommunalsjef Bjørn Ivar Rødal i Ålesund seier han reknar med at det vil vere vanskeleg spesielt for små kommunar å setje i gang gransking.

Bjørn Ivar Rødal

Kommunalsjef Bjørn Ivar Rødal seier han forstår at små kommunar ikkje vil gje seg i kast med tilsyn av private barnehagar. Sjølv har kommunen brukt store ressursar på granskinga.

Foto: Synnøve Hole / NRK

I breva dei har sendt til barnehagane står det at dokumentasjonen dei har fått er uoversiktleg og krevjande å vurdere.

– Vi har brukt opp til fleire personar som har jobba heilt eller delvis med dette, det har klart vore ressurskrevjande for oss, seier Rødal.

Han avviser at dei fryktar å tape saka, men seier det er viktig å få avklart korleis lovverket skal tolkast.

Les også:

Usamd med kommunen

Håkon Rasmussen representerer tre av dei fire barnehagane. Han er ikkje samd i at barnehagelova er broten, slik kommunen hevdar.

Håkon Rasmussen
Foto: Synnøve Hole / NRK

– Vi vurderer det som klart sansynleg at i alle fall deler av vedtaket blir gjort om, dersom det blir ståande slik som førehandsvarselet tilseier, seier Rasmussen.

Kommunikasjonsdirektør Marius Iversen i Private barnehagers Landsforbund seier til NRK at granskingar andre stader i landet har endt med at kommunane har måtte trekkje tilbake påstandane om lovbrot.

Tidlegare i år overprøvde Fylkesmannen i Oppland vedtaket til Lillehammer kommune, og det same skjedde i Oslo i fjor.

Ingen oversikt over tilsyn

NRK har ikkje klart å få fram ei oversikt frå Kunnskapsdepartementet eller Utdanningsdirektoratet over kor kommunar som faktisk har gjort tilsyn av private barnehagar, og kva for sanksjonar barnehagane eventuelt har fått.

Lunder trur ikkje det skjer ofte.

– Så vidt eg veit er det ganske sjeldan av dette regelverket blir brukt og fører til at barnehagen blir trekt i tilskot eller at det får konsekvensar, seier Lunder.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL