He du vør på face i dag?

"Snakkeskriving" blir det kalla når unge skriv dialekt på facebook eller andre nettsamfunn. No har fenomenet blitt forska på.

36170334 Social Media - facebook

Mange unge brukar dialekt når dei skriv i sosiale medier, viser ny forsking.

Foto: Jan Haas / NTB scanpix
Audhild Gregoriusdotter Rotevatn

Audhild Gregoriusdotter Rotevatn har skrive masteroppgåve om bruk av dialekt i sosiale medier.

Foto: Aina Rødal / NRK

–E har sjæmpælyst å vær me, men e hakje tia i dag.

Sånn kan ein statusoppdatering på facebook sjå ut.

Ein skulle kanskje tru at dei som forskar på språk var skeptiske til at folk skriv som dei snakkar - og meir eller mindre finn på si eiga rettskriving. Men så enkelt er det ikkje.

– Kanskje blir vi litt flinkare i språk av å lese desse statusoppdateringane, og kanskje blir vi enda meir medvitne om dialekt? seier Audhild Gregoriusdotter Rotevatn.

I dag legg ho fram resultata frå undersøkinga ho har gjort blant elevar i den vidaregåande skulen i fire vestlandsfylke. Undersøkinga er gjort som ein del av ei masteroppgåve i nynorsk skriftkultur.

– Det er ikkje nødvendigvis slik at vi blir dårlegare i språk av å skrive dialekt, det veit vi litt for lite om enno, seier ho.

Legg seg nært opp til talemålet

Det er avgangselevane frå 2014 som har blitt spurt i undersøkinga. Og resultatet er ganske tydeleg: heile 77 prosent av elevane seier dei oftast brukar dialekt når dei skriv på sosiale medier. Men det skuldast slett ikkje manglande norskkunnskapar, seier Rotevatn.

- Undersøkinga viser at dei ikkje skriv dialekt fordi dei syns nynorsk eller bokmål er vanskeleg. Dei har gjerne gode karakterar i norsk som fag.

Ho meiner årsaka heller ligg i at elevane meiner det som ligg enda nærare talemålet, altså sin eigen variant av skriftspråket, er det som fungerer best akkurat i sosiale medier.

–Vi ser det av at dei bruker ikkje dialekt over alt. Dei bruker det i sosiale medier og når dei skriv sms. Men til skulearbeid, når dei bloggar eller skriv epost brukar dei nynorsk eller bokmål.

Brukar dialekt for å markere identitet

I følge Rotevatn er funna slett ikkje overraskande. Ho viser til at sosiale medier er forum der ein skriv fort og mykje. Det er det lettare å velje vekk normert skrift som nynorsk, bokmål eller engelsk, og skriv heller slik ein snakkar.

Ho meiner også "snakkeskrivinga" er utslag at at unge bruker språket for å markere kven dei er.

– Tidlegare forsking har vist at det har blitt heilt greitt å snakke dialekt i Noreg dei siste tiåara. Dialekta markerer kven du er og kvar du er frå. Det er ikkje slik lenger at unge knotar eller legg om dialekta når dei flyttar. Dei er stolte av dialekta si, og slik sett blir dialektbruken ein identitetsmarkør.

Veit lite om langtidsverknadene

Førebels er fenomenet for ferskt til at forskarar kan seie noko sikkert om langtidsverknadene av den skriftlege dialektbruken. Rotevatn seier avgangskullet frå i fjor på sett og vis er dei første "heildigitale" menneska.

– Vi veit ikkje no korleis det vil gå med språket til desse ungdommane på lang sikt. Det er først om nokre år korleis langtidsverknadene vil vere.

–Kva gjer du sjølv da når du skriv i sosiale medier då?

– No er eg litt eldre enn russ 2014, så eg er vel ikkje heilt representativ, seier Rotevatn, som til dagleg er leiar for det nynorske digitale oppslagsverket Allkunne. – Eg tilhøyrer dei som skriv normert nynorsk, også i sosiale medier.

Siste video/lyd

Dei tre siste åra har meir enn 450 alvorleg psykisk sjuke kome seg inn i arbeidslivet.
Dette skjer etter eit aktivt samarbeid mellom NAV og helsevesenet.
Ein ny forskingsrapport viser at pasientane blir friskare av å jobbe.
Ein rakett er kanskje det som skal til for å gjere skuleelevar interesserte i naturfag. 
Elevar på Gjermundnes i Vestnes har utvikla ein rakett som skal få barn og unge til å bli i fyr og flamme.
Nokre som er glade i å boltre seg på kjøkenet er elevane ved Borgund vidaregåande i Ålesund. Dei elskar å bake - og å smake.