I slutten av juli skal Underleir, eller Øksendal Godlynte Vaksenleirskule som den også heiter, ha leirskole av den uvanlege sorten.
Alle deltakarane er nemleg vaksne, og i staden for å ha det vanlege ansvaret for mat og fritid ei ferieveke, skal dei drive med vedhogging, perlekurs, bygdesvingdans, bærsylting og saueslakting.
Dei skal rett og slett leike seg, før dei samlast om "ungdommens leirbål" for å mimre.
Det er noko fleire vaksne burde gjere, meiner førsteamanuensis ved Institutt for idretts- og friluftslivsfag, Bjørn Tordsson.
Meir struktur, mindre leik
Forsking viser at barn sin frie og spontane uteleik er i ferd med å forsvinne i gjennomorganisert kvardag. Leiken går føre seg stadig oftare gjennom faste former som dataspel og organiserte fritidsaktivitetar, og det gjer at skilnaden mellom generasjonane veks.
Det er grunn til å tru at vaksne og blir prega av den nye kvardagen, meiner Tordsson.
Les og:
– Det er jo dei vaksne som må ordne logistikken. Vi blir nærmast transitthallar for borna, som skal skyssast, hentast og bringast til ulike fritidsaktivitetar, helst kvar dag, seier Tordsson.
Han seier det er slik at dei som er vaksne i dag leikte meir i sin ungdom enn barna i dag gjer.
– Det gjorde vi. Og no held skilnadane på før og no på isolere generasjonane. At leik berre er for borna og arbeid berre er for vaksne, det er ei oppfatning som historisk er heilt unikt for vårt samfunn.
Ei gedigen misforståing, synest Tordsson. Borna treng å arbeide saman med vaksne, og vaksne treng å leike saman med borna.
– Vi sluttar ikkje å leike fordi vi blir gamle, vi blir gamle fordi vi sluttar å leike.
Berre ved å få leike seg og få kontakt med naturen vil vaksne lære seg ein annen måte å tileigne seg kunnskap på enn dei som elles dominerer i samfunnet, meiner forskaren.
Finn barnet
Han trur det blir fantastisk for dei som skal på vaksenleirskule.
– Eg skulle gjerne vore der sjølv. Det blir kanskje litt stivt i starten, men når ein er ute i naturen og gjer ting i lag så møter ein kvarandre slik ein er, og då blir ein fort godt kjent.
Det er liten tvil om at ideen om at vaksne og har godt av å reise på leir har treft riktig. Det kom 60 påmelde på eit døgn, og det heile er slått stort opp i riksmedia.
– At so mange melder seg på so raskt, viser eit behov for å oppleve igjen det ein opplevde som barn eller ungdom, eit behov for å vite at livet ikkje berre består av isolerte augneblikk.
Til dei som tenkjer enten skal eller gjerne skulle vore på leirskulen i Øksendal, har Tordsson følgjande oppfordring:
– Finn barnet i deg sjølv. Det finst eit lite barn inni kvar og ein av oss som står på tå og ser ut av auga våre, og det barnet burde vi ha kontakt med.