Hopp til innhold

Forskar: – Døde kvalar kan vere svært farlege

Den siste veka har ein stranda kval blitt ein turistattraksjon i Romsdal. Marinbiolog åtvarar og seier kvalkadaver kan vere både smittebomber og kan i verste fall eksplodere.

Stranda kval i Fiksdal

VILLE SJÅ KVALEN: Fleire hundre menneske drog til Fiksdalsstranda for å sjå og kjenne på den 18 meter lange døde kvalen. – Det er fint å sjå på kvalen frå avstand, men gå ikkje nærmare enn 100 meter, seier marinbiolog og forskingsassistent ved Universitetet i Oslo, Clare Andvik.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Første observasjonen av kvalen blei gjort i Tomrefjord i Vestnes på jonsokaftan 23. juni. Kvalen låg og plaska i fjøresteinane. Mannskap om bord i eit cruiseskip og folk frå verftet Langsten rykka ut og berga kvalen ifølgje Rbnett.

Fem dagar etter dukka ein død kval opp i fjøra i Fiksdal, eit lite stykke ut i Tomrefjorden. Dette viste seg å vere same kvalen, som fort blei ein attraksjon. Mykje folk samla seg for å sjå og ta på det 18 meter store dyret.

Kvalen som har stranda på Fiksdal.

SMITTEFARLEG: Døde kvalar kan utgjere ein smittefare, seier marinbiolog og forskar Clare Andvik, UiO.

Foto: Birthe Bringsvor / NRK

– Døde kvalar kan sprekke

Clare Andvik ved UiO meiner folk på eiga initiativ ikkje bør flytte på kvalar som kjem nær land. Ho åtvarar også mot å komme for nært desse dyra.

Clare Andvik i UiO

Marinbiolog og forskingsassistent ved Universitetet i Oslo, Clare Andvik, forskar på miljøgifter i stranda kvalar.

Foto: Åslaug Brynildsen

– Kvalen kan bli stressa viss den er live. Er den er død bør man heller ikkje komme for nær fordi den har mykje gass og kan sprekke, noko som kan vere farleg. Kvalen kan vere sjuk og bere på sjukdommar som kan smitte til menneske, seier ho.

Taua til havs

Etter planen skulle Kystvakta fjerne kvalen 9. juli, men ifølgje ordførar Geir Inge Lien (Sp) i Vestnes gjorde rotningsprosessen at det ikkje var mogleg å vente så lenge.

Natt til onsdag har det gått føre seg eit arbeid for å få den ut igjen i golfstraumen.

– Det var på høg tid å få kvalen vekk. Den hadde byrja å lukte og blåst seg opp. Vi spurte fleire firma om dei kunne ta han ut, og fekk så tak i eit lokalt firma, seier ordførar Lien.

Aas Kystservice har fjerna den 18 meter lange kvalen frå fjøra i Vestnes.

Aas Kystservice har fjerna den 18 meter lange kvalen frå fjøra i Fiksdal i Vestnes. Video av: Alexander Aas.

Punkterte kvalen og slapp den ut

Firmaet Aas Kystservice tok i mot førespurnaden og brukte ein mindre servicebåt til å frakte kvalen, før dei i 19-tida tok den over i ein større båt.

– Vi var tre mann i den mindre båten og seks stykk som jobba i den store. Vi heldt på til 01-tida og fekk punktert kvalen og sleppt den ned i Storegga-området. Det gjekk veldig bra og var overraskande lett. Eg har ikkje vore borti noko slikt før, det er jo ikkje kvardags, seier Alexander Aas, dagleg leiar i Aas Kystservice.

Aas Provider slapp ut kvalen

Ruta til Aas Provider som frakta med seg kvalen.

Foto: Marine Traffic skjermdump

– Ta bilete frå avstand

Det er ikkje godt å seie kvifor den fant vegen inn til Vestnes, men marinbiolog og forskingsassistent ved Universitetet i Oslo, Clare Andvik har nokre teoriar.

– Nokre kvalar kjem til land fordi dei har mista retninga og då treng dei hjelp, men denne kvalen så veldig tynn ut. Det kan tyde på at den var sjuk eller gamal, og har kome inn til land fordi den ikkje har vore sterk nok til å svømme mot havstraumen. Derfor er det lite sannsynleg at den ville overlevd, seier Andvik.

– Kva bør folk gjere da viss dei ser ein kval nært land?

– Dei bør kontakte Fiskeridirektoratet eller Norwegian Orca Survey for å spørje om hjelp. Det viktigaste er å ta bilete frå avstand og melde frå om kvalen, seier ho.