Hopp til innhold

Forskalingsarbeid årsak til ferjekrøll

Forskalingsarbeid på nykaia til ferja i Liabygda i Stranda er årsaka til at ferja ikkje har kunne legge til dei siste dagane.

Bygningsarbeid Liabygda ferjekai

Arbeidet med ny ferjekai i Liabygda pågår for fullt.

Foto: Statens vegvesen

Ferja har stadig vekk måtte gå til Linge på grunn av vind.

– Men det skuldast ikkje ferja, men arbeid på nykaia seier prosjektleiar i Statens Vegvesen, Marianne Nærø.

Entrepenøren er no i gang med å forskale den nye delen ytterst på kaia og der er det ikkje fenderar. Denne delen er utom dagens kai.

Marianne Nærø

– Byggearbeidet gjor at terskelen for å kansellere avgangar er lågare, seier prosjektleiar Marianne Nærø.

Foto: Statens vegvesen

– Det er veldig kort avstand mellom der vi arbeider og der ferja kjem inn, og skulle ferja komme borti, vil det øyelegge forskalingane. Då måtta vi rive og byrje på nytt igjen, fortel Nærø.

Difor er terskelen lågare for kor mykje, eller lite, vind det kan vere før sambandet blir stengt.

Dei siste støypearbeida på nykaia skal skje i helga, og då vert sambandet Stranda-Liabygda stengt.

Det betyr samtidig at opninga av den nye ferjekaia kjem stadig nærare.