Hopp til innhold

Forsiktige optimistar

Dei tillitsvalde i Helse Nordmøre og Romsdal er forsiktige optimistar etter møtet med leiinga måndag. Dei seier Knut Ivar Egset, hovudtillitsvald i Fagforbundet.

Tillitsvalgte i Helse Nordmøre og Romsdal
Foto: Roar Strøm / NRK

Striden rundt omorganiseringa av psykiatrien i helseforetaket gjorde det nødvendig med eit oppklaringsmøte. Nedlegging av psykiatrisk storavdeling på Hjelset i Molde har ført til at mange tilsette blir overtallige og mistar jobben. Både den faglege usemja og måten ting har blitt gjort på har ført til harde frontar mellom tilsette og leiinga.

Fleire får brev

Knut Ivar Egset
Foto: Roar Strøm / NRK

Så langt har omlag 140 tilsette fått brev om at dei blir ramma av omorganiseringa. Men no blir talet auka til 180.

- Dette er alvorleg, seier Egset.

Han håper prosessen vidare blir utført på ein langt betre og ryddigare måte.

Håper på semje

Bjørn Engum

Bjørn Engum er administrerande direktør i Helse Nordmøre og Romsdal.

Administrerande direktør Bjørn Engum i Helse Nordmøre og Romsdal seier møtet i dag var konstruktivt.

- Eg har inntrykk av at både leiinga og dei tilsette no vil dra lasset i same retning.