Hopp til innhold

Forsiktig optimisme i den maritime næringa

Det var ei noko avdempa stemning då alt frå reiarar til forskarar innan maritim næring møttest i Ålesund i dag.

Ålesundkonferansen

Den tradisjonsrike Ålesundskonferansen samla i år berre rundt 100 deltagarar. Det ei halvering på to år og eit tydeleg teikn på den alvorlege situasjonen i næringa.

Foto: Lars Ivar Nordal / NRK

Den tradisjonsrike Ålesundskonferansen samla i år berre rundt 100 deltakarar. Ei halvering i deltakartalet på to år er eit tydeleg teikn på dei utfordrande tidene bransjen er i.

– Dette er den tøffaste krisa vi har hatt i offshorenæringa nokon gong. Det blir knallhardt dei neste åra, men vi har trua på at vi er best på å drive båt, og at vi også kjem til å kome oss gjennom denne krisa, det seier Njål Sævik, administrerande direktør i Havila Shipping.

Krise i offshorenæringa

Reiarlaget med base i Fosnavågen på Sunnmøre er eit av mange shippingselskap som er i djup økonomisk krise, mykje på grunn av låg oljepris.

Njål Sævik

Njål Sævik trur det blir knallhardt i dei komande åra.

Foto: Lars Ivar Nordal / NRK
Eli Vassenden

Eli Vassenden trur det er lys i enden av tunnelen.

Foto: Lars Ivar Nordal / NRK

I dag fortalde han dei som var samla i Ålesund korleis Havila og andre skal kome seg ut av krisa.

– Det er viktig å ha fokus på kostnadar. Vi som alle andre starta med å prøve og finne løysingar med våre bankar og lånegivarar. I tillegg må ein drive så godt ein kan og prøve å få tak i dei få jobbane som er der ute, seier Sævik.

Eli Vassenden i shippingselskapet Grieg Group i Bergen trur det er lys i enden av tunnelen.

– Utfordringa er at vi ikkje veit når det kjem og kor stor oppgangen blir når den først kjem, seier ho.

Vassenden trur det viktigaste er å vareta det ein allereie er god på.

– Vi må vere i stand til å endre og tilpasse oss. Det er lett å seie, men mykje vanskelegare å gjere noko med, seier ho.

Trur oljeprisen vil stige

Trass i utfordrande tider trur Rederiforbundet likevel at oljeprisen vil stige igjen. Det som er usikkert er når.

– Oljeprisen vil auke og etterspurnaden etter dei tenestene som den maritime bransjen kan tilby vil også auke. Men vi må vere førebudd på at det kjem til å vere fleire tøffe år. Vi må kanskje vente heilt til 2019–2020 før aktiviteten tek seg opp, seier viseadministrerande direktør i forbundet Harald Solberg.

Harald Solberg

Harald Solberg i Rederiforbundet trur oljeprisen vil stige. Spørsmålet er berre når det skjer.

Foto: Lars Ivar Nordal / NRK

Han er trygg på at vi på ein eller anna måte kjem til å leve av havet også i framtida.

– 70 % av kloden vår består av hav, og 90 % av havet er framleis ikkje utforska. Det betyr at det ligg store moglegheiter for auka matproduksjon, ny fornybar energi og utvinning av mineral. I tillegg har vi eit stort transportbehov i framtida som også kjem til å skje på havet, seier Solberg.

– Samla sett vil havet vere viktig for norsk økonomi i mange tiår framover. Utfordringa er å bygge bru til framtidsmoglegheitene i den tøffe perioden som vi no er i, held han fram.