Hopp til innhold

Forsikringsselskap ber folk bu seg

If Skadeforsikring har auka beredskapen sin i samband med stormen som kan ramme Sør-Norge fredag og laurdag. Selskapet ber også folk vere ekstra varsame og førebu seg ved å sikre eigedelar og sjekke at hustaka er heilt og kan tole mykje vatn.