Vegard Forren ferdig i Molde – supporterleiaren trekker seg i protest

Molde-spelar Vegard Forren er ferdig som fotballspelar i klubben, det melder dei i ein pressemelding. Supporterleiaren trekker seg i protest.

nBoqfbWuIqI

FERDIG: Vegard Forren er no ferdig som fotballspelar i Molde.

Foto: Ole Martin Wold / Ole Martin Wold

Denne veka kom det fram at Vegard Forren mellom anna har brukt pengar frå klubben sin spelarkonto for å dekkje eigen gjeld.

Dette førte til at Molde Fotballklubb og Forren har no kome fram til at dei avsluttar kontraktsforholdet, det melder klubben i ei pressemelding.

Det var TV 2 som var ute med saka først.

Han skal ha slite med speleproblem over ei lengre periode. I eit intervju med TV 2 har han sagt at det har vore vanskeleg å innrømme for seg sjølv at han har hatt problem.

– Eg syns det er trist å avslutte karrieren i Molde FK på denne måten. Men eg ser at handlingane mine gjer at klubben ikkje har tillit til meg. Eg vil beklage ovanfor familie, vener, spelarar, klubben, fansen og alle som elskar Molde FK, seier Vegard Forren i ein pressemelding frå klubben.

Til Romsdals Budstikke seier Forren at han ønskjer å halde fram som fotballspelar i Eliteserien.

– Eg veit ikkje kvar eg dei neste seks månadane, men eg er open for alle Eliteserieklubbane, seier han til avisa.

Supporterleiaren trekker seg i protest

Eva Brit Mauseth, leder Tornekrattet

TREKK SEG I PROTEST: Supporterleiar i Tonekrattet, Eva-Brit Mauseth trekk seg i protest.

Foto: Ann Eli Nøsen / NRK

Allereie måndag meldte supporterklubben i Molde at dei stilte seg bak Vegard Forren, og at styret ville trekke seg i protest om han vart oppsagt.

– Eg meiner måten det vart gjort på er det same som ein oppseiing, men eg kan ikkje svare på vegner av styret og vi har ikkje hatt noko styremøte enda. Men eg kjem til å trekke meg på grunn av dette, seier Eva-Brit Mauseth, leiar i Tornekrattet, til NRK. Ho er søster til Forren sin rådgivar Sverre Mauseth.

Er du overraska over at det enda slik?

– Nei det er eg ikkje, det har lege i korta heile tida, seier ho.

Detaljane i avtalen er konfidensiell

Klubben opplyser om at detaljane i avtalen er konfidensiell mellom partane, men dei skal blant anna ha blitt einige om eit sluttvederlag. Forren skal også gjere opp gjelda si til spelarane si «botkasse».

– Vi er glade for at Vegard har innsett alvoret i handlingane sine, og at han har vald å vere open om sine personlege utfordringar, seier dagleg leiar i Molde FK, Ole Erik Stavrum.

Forren skal ifølgje klubben følgje eit behandlingsopplegg for å få bukt med speleproblema.

– Å vere speleavhengig er eit alvorleg samfunnsproblem som både Molde Fotballklubb og resten av fotball-Noreg må ta meir alvorleg, seier Stavrum.

Molde mister ein bauta

Carl-Erik Torp

MISTER EIN BAUTA: NRKs fotballekspert seier Molde mister ein god fotballspelar, som blir vanskeleg å erstatte.

Foto: Julia Marie Naglestad

NRKs fotballekspert, Carl-Erik Torp, seier klubben no mister ein fotballspelar som har vore med på alt av suksess Molde har hatt dei siste åra.

– Dei mistar ein bauta bak der som har vore med på alt, så sportsleg får dei ei utfordring no. Dei klarer ikkje erstatte han med ein gong, seier han.

Torp er litt overraska at dei vel å avslutte kontrakten.

– Når Molde har vore så tause så er det ofte ein grunn til det, men eg er litt overraska. Dei har nok stilt han eit ultimatum, kanskje fleire gonger, seier han.