Fornøgd etter gigantmesse

Møbelbedrifter er fornøgde etter møbelmessa i Tyskland, trass krisetider og lågare besøkstal enn vanleg.

Møbelmessa i Tyskland
Foto: Grete Loe

Møbelmessa i Köln er ei av verdas viktigaste møbelmesser.


Frå den 19. til den 25. januar var møbelbransjen samla i Tyskland med omlag 1000 utstillarar som ville vise det siste innan møblar.

- Viktig å satse

Eksportsjef for Tyskland i Stordal Møbler, Grete Loe, meiner det er viktig å tore satse og bli med på dyre messer nettopp no.

- Eg trur at i tider som dette er det viktig å satse litt og vere litt offensive. Salsmesser vil generere ordrar i framtida.

Trass i at besøkstalet var lågare i år enn tidlegare år, så er Loe godt nøgd.

- Sjølv om messene har vore mindre besøkt enn tidlegare år har vi hatt mange besøkande og mange ordrar.

Tilnærma normal

Også Ekornes var representert i Köln. Marknadssjef Runar Haugen seier det er viktig å vere tilstades i Tyskland.

- Heldigvis er det nokre marked i Europa som endå ikkje er så hardt ramma av finanskrisa. Tyskland er førebels ein markanad der situasjonen er tilnærma normal.

Han meiner marknaden i Tyskland er god til forhold til andre store markander som USA og England.