Fornærma fekk alvorlege brotskadar

Ein mann frå Nordmøre må møte i retten etter at han i desember i fjor fleire gongar slo ein annan mann i hovudet. Den fornærma fekk brot i augehola, nasen og bakhovudet, samt fleire blåmerke. Mannen er tiltalt for kroppsskade og saka skal opp for retten i januar.