Hopp til innhold

Formuen til fleire reiarar er kraftig redusert

Åge Remøy var den reiaren som hadde høgst inntekt i fjor. Samtidig har formuen hans blitt kraftig redusert det siste året. Også Sverre Farstad har fått ein kraftig nedgang.

Åge Remøy

Den tidlegare Rem-eigaren Åge Remøy har auka inntekta, men tapt ein stor del av formuen sin sidan i fjor.

Foto: Arne Flatin / NRK

Den tidlegare styreleiaren i Rem står også registrert med ei formue på 64,6 millionar. Men det er lite samanlikna med 2014, då han hadde ei formue på 622 millionar kroner. Inntekta hans har derimot auka frå 2, 4 millionar i 2014 til 29 millionar i 2015.

Måndag blei det Herøy-baserte reiarlaget Rem Offshore offisielt historie då dei i dag fusjonerte med Solstad Offshore. Det skjedde etter at Rem ikkje fekk refinansiering av obligasjonslåna sine i juli i år.

Samtidig offentleggjorde Åge Remøy at han og to andre investorar har oppretta eit nytt investeringsselskap i Fosnavåg.

Kraftig reduksjon for Farstad

I 2014 hadde Sverre Andreas Farstad litt under ein milliard kroner i formue, og var på det tidspunktet den rikaste personen i Møre og Romsdal. Også i 2012 låg han øvst på listene.

I 2015 hadde han ei formue på 213 millionar, nesten ein femtedel av formuen på 976 millionar i 2013.

Farstad Shipping i Ålesund har hatt store utfordringar det siste året. I august leverte dei eit resultat etter skatt på minus 867,5 millionar for andre halvår. Då fekk den krevjande marknadssituasjonen skulda.

Reiarar i Møre og Romsdal

Navn

Inntekt

Formue

Skatt

Bedrift

Åge Remøy

29274637

64638910

8765119

Rem

Karl-Johan Bakken

4240957

0

1960138

Farstad Shipping

Gunvor Ulstein

3242381

13572685

1619055

Ulstein group

Bjørn Remøy

2845201

2518813

1268701

Bourbon Offshore

Per Sævik

2185785

28300116

1059024

Havila

Njål Sævik

2149414

63107282

1510651

Havila Shipping

Ståle Rasmussen

1940583

3632152

874042

Kleven

Karsten Sævik

1939943

434653

878143

Remøy Shipping

Geir Johan Bakken

1808506

39464817

1131861

Havyard

Stig Remøy

1785301

16222682

896509

Olympic Shipping

Eivind Voldstad

1560769

9161385

686595

Volstad shipping

Idar Hatløy

1551097

10743867

721072

Neptun Offshore

Per Ivar Fagervoll

680714

0

1019424

Golden Energy Offshore

Håvard Ulstein

561270

86780932

878357

Island Offshore

Joakim Remøy

72469

84961093

707969

Remøy group

Sverre Farstad

0

213797634

2001995

Farstad Shipping

Ekspander/minimer faktaboks

NB: Vi gjer merksam på at det kan vere feil i listene. Tala er baserte på førebelse skattetal frå Skattedirektoratet for året 2015. Tala kan innehalde feil som vil bli retta når klagehandsaminga er ferdig. Listene og utrekningane tar utgangspunkt i skattebetalarar med norsk postadresse.