NRK Meny

Formidlar ved Aasen-tunet

Synnøve Marie Sætre frå Ørsta er nytilsett formidlar i Ivar Aasen-tunet. 27-åringen har gått lektorprogrammet ved Universitetet i Oslo, med vekt på historie, nordisk og pedagogikk. Sætre er aktiv i Norsk Målungdom og held no på med ei mastergrad i nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda.

Synnøve Marie Sætre
Foto: Anders Aanes