Formannskapet orientert om tilsynssak
Formannskapet som klageutval fekk i går orientering om saka der tilsette la medisinen på dørmatta til ei psykisk sjuk kvinne i Ørsta. NRK har avdekt både denne saka og ei sak der ein mann truleg svalt i hel i Ørsta. Det var etter dette Frp bad om ei orientering.
– Vi har fått eit par vanskelege saker som vi har blitt kjend med i ettertid, og det tar vi på det største alvor, seier ordførar Stein Aam (Sp).
Ifølgje Aam gjer dei no tiltak. Det er utarbeida ein handlingsplan, og evaluering skal ligge føre i april 2023. Statsforvaltaren har konkludert med at Ørsta kommune braut lova i saka om kvinna. Saka om mannen som blei funnen død og avmagra er framleis under behandling.