Hopp til innhold

Forlik mellom Margrethe Salvesen og Helse Møre og Romsdal

Helse Møre og Romsdal må ut med ein av dei største oppreisningssummane som nokon gong er utbetalt etter ei sak om diskriminering. Tidlegare sjukepleiarvikar Margrethe Salvesen får eitt hundre tusen kroner frå helseføretaket.

Margrethe Salvesen

Margrethe Salvesen arbeider og bur no i Trondheim.

Foto: Privat

Sjukepleiar Margrethe Salvesen, også kjend som den tidlegare kona til islamist Arfan Bhatti, gjekk til sak mot Helse Møre og Romsdal då ho ikkje fekk fleire vakter. Bakgrunnen var at fleire kollegaer skal ha nekta å arbeide saman med henne. Dermed saksøkte ho Helse Møre og Romsdal for diskriminering.

Forliket blei først omtalt av VG.

Rettssaka skulle opphavleg ha starta i Sunnmøre tingrett 8. mars. Men i forkant av rettsforhandlingane har det også vore forhandlingar med tanke på eit forlik. Denne veka blei forliket underskrivet, noko som inneber at Helse Møre og Romsdal må betale kvinna 100.000,- kroner. Ho slepp også å betale sakskostnader.

– Høg erstatningssum

Harald Stabell har vore advokat for kvinna. Han meiner at erstatningssummen må vere noko av det høgaste som er utbetalt for diskriminering.

Oppreisingssummane i diskrimineringssaker har ofte hamna på ein stad mellom 25.000 og 30.000,- kroner. Eg kjenner ikkje til at det er gitt noko i nærleiken av dette til nokon i ei sak som handla om diskriminering.

Advokat Harald Stabell legg til at oppreisingssummen viser kor viktig det var for Helse Møre og Romsdal at saka ikkje hamna i retten.

– Helse Møre og Romsdal har vedgått at min klient blei utsett for diskriminering og vi ser på dette som ein full siger, seier han.

– Såg helst at saka kom til retten

Salvesen hevdar at ekskollegaer uttrykte at ho var radikal islamist og at ho blei utfrosen frå arbeidsplassen. Sjølv er ho ikkje udelt nøgd med forliket. Ho såg helst at saka hamna i retten.

– Eg skulle ønskje at eg fekk møte Helse Møre og Romsdal i retten. Slik kunne eg ha fått lagt fram prova på diskriminering. Berre gjennom ei rettssak kunne eg ha fått diskrimeringa fram for offentlegheita, seier ho til NRK.

Ifølgje Stabell og Salvesen blei det i utgangspunktet brukt rettspraksis som skulle byggje opp om ei oppreisning på rundt 50.000,- kroner i utgangspunktet. Frå Salvesen si side blei det sett fram ein påstand om 150.000,- kroner.

I forhold til korleis livet mitt blei, og i forhold til det økonomiske uføret eg hamna i, var også dette ein liten sum. Eg måtte flytte frå Ålesund, og eg ønska berre å få tilbake jobben min, seier Salvesen.

– Nøgde med løysing

Helse Møre og Romsdal ønskjer ikkje å kommentere forliket. Til avisa VG gjev personaldirektør Olav Finnøy i Helse Møre og Romsdal følgjande kommentar:

– Helse Møre og Romsdal er nøgd med at partane har klart å kome fram til ei semje om ei løysing i saka. Utover dette ønskjer ikkje helseføretaket å kommentere saka ytterlegare.

NRK Møre og Romsdal har vore i kontakt med tillitsvalde på sjukehuset i Ålesund, men har så langt ikkje lukkast å få kommentar frå dei tilsette.