Hopp til innhold

Forlik etter elev-eksperiment

Vestnes kommune har inngått økonomisk forlik med ein tidlegare elev som blei skadd under eit naturfagseksperiment rundt 2012. Etter det NRK kjenner til skal fleire elevar ha sprunge berrføtte i snøen, og ein av dei skal ha fått varige skadar av forsøket. Saka mot kommunen skulle opp for retten tidlegare denne veka. Verken guten eller kommunen ønskjer å kommentere innhaldet i forliket.

Vestnes
Foto: Trond Vestre / NRK