Hopp til innhold

Forlet AaFK

Midstopper Benjamin Kibebe går gratis frå Aalesunds Fotballklubb.

Benjamin Kibebe
Foto: Ulveseth, Birte / SCANPIX

Den danske nettstaden bold.dk. skriv at han går til den danske toppserieklubben FC Nordsjælland.

Kibebe har kontrakt med AaFK ut sesongen, og går gratis til den danske klubben frå årsskiftet.

Nordsjælland vil ha Kibebe allereie den 1.august, men då må den danske klubben betale for Benjamin Kibebe.