NRK Meny

Forlenga varetektsfengsling

Den austeuropeiske mannen som i januar blei dømd til fengsel i fem år og ein månad for valdtekt blir varetektsfengsla vidare. Mannen er dømd for å ha valdtatt ei kvinne på Søre Sunnmøre i fjor sommar, men har anka dommen. Varetektsfengslinga er utvida fram mot ankeforhandlingane i juni.